Graham Norton
Graham William Walker (fødd 4. april 1963 i Clondalkin), kjend under scenenamnet Graham Norton, er ein irsk skodespelar, komikar, programleiar og journalist.[1]
Graham Norton | |
Statsborgarskap | Irland |
Fødd | 4. april 1963 (61 år) Clondalkin |
Yrke | programleiar, komikar, radioprogramleiar, journalist, filmskodespelar, spaltist, memoarforfattar |
Språk | engelsk |
Religion | Protestantisme |
Ektefelle | Jono McLeod |
Partnar | Tina Burner |
Graham Norton på Commons |
Bakgrunn
endreI 1992 byrja Norton som standup-komikar ved Edinburgh Festival Fringe. Dei fyrste framsyningane hans innan kringkasting var som komikar på BBC Radio 4-showet Loose Ends, som gjekk kvar laurdag morgon tidleg i 1990-åra. Han fekk ry på Channel 5, då han vann ein pris for si framsyning som reserve-vert for eit talkshow som vanlegvis blei presentert av Jack Docherty.[1]
Norton er kjend som vert for talkshowet The Graham Norton Show, og som den britiske kommentatoren for Eurovision Song Contest. I 2003 blei Norton gjenstand for kontrovers då han gjorde ein komisk referanse til den nylege avlidne Bee Gees-musikaren Maurice Gibb på Channel 4.[2] Norton forårsaka ny kontrovers 7. oktober 2006, då han skildra ecstasy som ei «fantastisk oppleving».[3]
I 2023 var Norton ein av programleiarane for finalen av Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool, saman med Hannah Waddingham, Alesha Dixon og Julija Sanina.[4]
Privatliv
endreNorton er open homofil og lid av vitiligo, ein hudsjukdom der det kan opptre flekkar av pigmentert hud.[5][6]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «BFI Screenonline: Norton, Graham (1963-) Biography». www.screenonline.org.uk. Henta 17. februar 2019.
- ↑ Day, Julia (10. februar 2003). «Bee Gee lashes out over Norton jokes». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 17. februar 2019.
- ↑ «BBC stands by Graham Norton in drugs row». The Independent (på engelsk). 8. oktober 2006. Henta 17. februar 2019.
- ↑ «Eurovision 2023: Hosts revealed for Liverpool». eurovision.tv (på engelsk). 22. februar 2023. Henta 2. mars 2023.
- ↑ Cohen, Benjamin (27. april 2006)."Graham Norton: "I'm too old to be attractive to gay men" Arkivert 24. oktober 2011 ved Wayback Machine.. Pink News. Retrieved 14 June 2011.
- ↑ Farndale, Nigel (25. desember 2002). «Will Graham Norton ever grow up?» (på engelsk). ISSN 0307-1235. Henta 17. februar 2019.
- ↑ «'I was a grubby git from Cork': Graham Norton on trying to 'reinvent' himself when he left Ireland». The Irish Examiner. 30. september 2022. Henta 17. november 2022.
- ↑ Baker, Noel (11 July 2022). «Graham Norton toasts marriage with star-studded West Cork wedding party». Irish Examiner. Henta 11. juli 2022.
- ↑ «Graham Norton toasts marriage with VIP party in Bantry House». Irish Independent. 11. juli 2022. Henta 11. juli 2022.
- ↑ McLoughlin, Lisa (11. juli 2022). «Graham Norton 'celebrates marriage with wedding party in native West Cork'». Evening Standard. Henta 11. juli 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Graham Norton» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Graham Norton hos The Internet Movie Database.
- Graham Norton hos All Movie.
- Graham Norton hos The Movie Database.
- Graham Norton hos Behind the Voice Actors.