Greifswald er ein by nordaust i Tyskland i delstaten Mecklenburg-Vorpommern med om lag 60 000 innbyggjarar. Byen ligg Pommern ved Austersjøen og ei lita elv.

Greifswald
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Mecklenburg-Vorpommern
Landkreis Kreisfri by
Høgd m
Areal 50,81 km²
Folketal 60 071 (31. desember 2023)[1]
Først nemnd i 1248
Postnummer 17489, 17491, 17493
Retningsnummer 03834
Bilnummer HGW
Kart
Greifswald
54°05′00″N 13°23′00″E / 54.083333333333°N 13.383333333333°E / 54.083333333333; 13.383333333333
Wikimedia Commons: Greifswald

Byen er offisielt kjend som Universitäts- und Hansestadt Greifswald, som tyder Universitets- og hansabyen av Greifswald.

Forfattaren Hans Fallada (1893-1947) blei fødd i Greifswald.

Rathaus.
Foto: Michael Sander
Greifswalds universitet.

Geografi

endre

Greifswald ligg ved sørkysten av Austersjøen mellom øyane Rügen og Usedom, nordaust i Tyskland.

Den litle elva Ryck renn gjennom gamlebyen, som ligg om lag 3 km frå Austersjøen, og munnar ut i Greifswalder Bodden. Øyane Koos og Riems, som ligg i nærleiken, vert òg rekna som ein del av byen. Området rundt Greifswald er relativt lågt og flatt, og det høgaste punktet er berre 36 meter høgt.

Historie

endre

Dei første innbyggjarane her var danske cistersianarmunkar, som grunnla klosteret Eldena her i 1199. Handelen med salt gjorde at klosteret voks til eit stort religiøst senter. Dei tidlegaste kjende skriftlege kjeldene om Greifswald er frå 1248. Med ein jamn auke i folketalet vart Greifswald ein av dei første medlemmane av Hansaen på slutten av 1200-talet, som auka handelen og rikdomen i byen.

I 1456 grunnla borgarmeisteren Heinrich Rubenow det nest eldste universitetet i Nord-Europa og eit av dei eldste i Tyskland. I periodar var universitetet det eldste i Sverige og Preussen.

Som følgje av trettiårskrigen vart Greifswald ein del av Sverige i 1631 og fram til 1815, då han vart ein del av Preussen.

Byen overlevde den andre verdskrigen utan dei store øydeleggingane, sjølv om han husa ein større garnison. I april 1945 overgav oberst Rudolf Petershagen seg til Den raude arméen utan kamp. Som ein del av Aust-Tyskland mista byen nesten halvparten av dei historiske bygningane i byen sidan dei ikkje vart restaurert og øydelagd. Etter gjenforeininga av Tyskland vart store delar av byen renovert, og den historiske markedsplassen vert av mange rekna som ein av dei vakraste i Nord-Tyskland. Byen trekkjer til seg mange turistar.

Det største atomkraftverket i det tidlegare Aust-Tyskland låg ved Lubmin, nær Greifswald. Det hadde fire reaktorarar og hadde oppstart i 1974. Kraftverket vart stengd etter gjenforeininga av Tyskland, særleg med tanke på ei nestenulykke 24. november 1989. Kraftverket gav jobb til 9 000 tilsette, og då det var stengd gjorde det stort utslag i Greifswald, som fekk problem med arbeidsløyse.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Greifswald