Greisen (av tysk «grå» eller «sølvgrå») er ein bergart som hovudsakleg består av kvarts og glimmer, samt noko topas, fluoritt og stundom turmalin.

Bergarten vert danna under påverknad av fluorhaldige gassargranitt, slik at feltspaten i granitten vert omdanna til glimmer. Førekomstar av kassiteritt eller tinnstein på stader som i Cornwall i Storbritannia og wolframitt på stader som Erzgebirge i Tyskland er knytt til danning av greisen.

Greisenar ser ut til å berre verte danna i intrusjonar høgt i jordskorpa, hovudsakleg på ei djupne mellom 0,5 og 5 km.

Kjelder endre

«greisen» i Store norske leksikon, snl.no.