Wolframitt er eit tungt mineral, brunleg til svart med submetallisk glans, krystalliserer monoklint. Det er eit oksid av wolfram, jarn og mangan, (Fe,Mn)WO4, med samansetjing varierande mellom endeledda ferberitt, FeWO4, og hübneritt, MnWO4. Mineralet finst på malmgangar knytt til granittar, og dessutan i alluviale avsetningar, og er ein særs viktig wolframmalm (til dømes i Portugal, Canada, Myanmar, Sør-Korea, Kina og Bolivia). Det finst i Noreg i Ørsdalen i Bjerkreim, der det har vore gruvedrift.

Wolframitt

Generelt
KategoriWolframat
Kjemisk formel(Fe,Mn)WO4
KrystallsymmetriMonoklin prismatisk
H-M-symbol: (2/m)
Romgruppe: P 2/c
Einingscellea = 4.77 Å, b = 5.73 Å, c = 4.98 Å, Z = 2
Identifikasjon
Fargegråaktig til brunsvart
KrystallformSøyleforma til kort prismatisk krystallar
KrystallsystemMonoklin
Kløyvperfekt 010
BrotUjamn til grov
Mohs hardleiksskala4-4.5
GlansUndermetallisk til harpiksaktig
Strekfargeraudbrun
TransparensUgjennomsiktig
Spesifikk vekt7 - 7.5
Optiske eigenskapar
PleokroismeIngen
Smeltbarheit3 - 4 til magnetisk kule
Oppløyselegheituoppløyseleg
Kjelder[1][2][3]

Kjelder

endre
  1. Webmineral data
  2. Mindat.org
  3. Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, Jr., Manual of Mineralogi, Wiley, 20th ed. 1985, s. 355-356 ISBN 0-471-80580-7

Bakgrunnsstoff

endre