Grete Dyb
Grete Anita Dyb (fødd 23. april 1959 i Ålesund) er ein norsk psykiater og terrorforskar. Ho er forskar I ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress, professor II i barne- og ungdomspsykiatri ved Institutt for klinisk medisin og visedekan ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo.[1]
Grete Dyb | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. april 1959 (65 år) |
Yrke | barnepsykiater |
Utdanning og karriere
endreDyb er utdanna cand.med. ved Universitetet i Oslo i 1988, blei godkjend spesialist i barne- og ungdomspsykiatri i 2004 og blei dr.med. ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i 2005.[2]
Dyb forskar blant anna på posttraumatiske stressreaksjonar hos barn og ungdom, barnemishandling og seksuelle overgrep. Ho leiar eit forskingsprosjekt om dei psykiske verknadane av terroråtaka i Noreg 22. juli 2011.[3][4] Ho var president i International Society for Traumatic Stress Studies (2015–2016).[5]
Kjelder
endre- ↑ Hanne Flinstad Harbo vann dekanvalet på Det medisinske fakultetet
- ↑ Grete Dyb, Universitetet i Oslo
- ↑ – Koblet av med alkohol etter Utøya, NRK
- ↑ «Artikkelpris til Grete Dyb for forskning på Utøyaoverlevende». Arkivert frå originalen 30. januar 2016. Henta 3. februar 2016.
- ↑ 2015-2016 Executive Committee Arkivert 31. januar 2016 på Wayback Machine., International Society for Traumatic Stress Studies
- Denne artikkelen bygger på «Grete Dyb» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2024.