Grethe Kausland

norsk revyartist

Grethe Kausland, fødd Nilsen, (3. juli 194716. november 2007) var ein norsk songar, skodespelar og revyartist frå Horten i Vestfold.

Grethe Kausland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. juli 1947
Horten kommune
Død

16. november 2007 (60 år)
Oslo

Dødsårsak kreft
Yrke skuespiller, sangerinne
Språk norsk
Ektefelle Halvard Kausland (skilt)
Grethe Kausland på Commons

Biografi

endre

Ho blei landskjend allereie som barn under artistnamnet «lille Grethe». Som åtteåring gjorde ho sin første plateinnspeling på bakgrunn av ein radiooverført amatørkonkurranse. Songen var «Teddyen min», som selde i over 100.000 eksemplar. Songen «Cowboyhelten» («Einar, du er min aller beste venn!») er også blant hennar mest kjende. Innan ho fylte tolv hadde ho spelt inn 12 grammofonplater.

Ho hadde i mange år eit nært samarbeid med revygruppa Dizzie Tunes og spelte inn fleire spelefilmar og TV-seriar. Ho hadde hovudrolla i Ivo Caprino sin første spelefilm «Ugler i mosen» frå 1959 og spelte òg i enkelte av dei danske familiefilmane om Far til fire.

I 1972 representerte Kausland Noreg i den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix med songen «Småting» saman med Benny Borg. Ho fekk prisen for beste kvinnelege artist under Spellemannprisen 1978 for albumet A Taste of.... Ho vann også Leonardstatuetten i 1991.

I februar 2006 blei Kausland operert for lungekreft.[1] Dette blei slått opp på VG si førsteside den 17. februar 2006, og ho gjekk til sak mot VG. Grete Kausland fekk medhald i forliksrådet og blei tilkjend 320 000 norske kroner i erstatning. [2] Saka blei avslutta ved at partane inngjekk forlik rett før saka skulle opp for Oslo tingrett.[3]

Sommaren 2007 skulle Grethe Kausland sette opp kabareten «KAUSPAUS» saman med Ole Paus. Men førestillinga måtte avlysast på grunn av kreftsjukdommen. Hausten same år blei førestillinga igjen avlyst etter at sjukdommen forverra seg.

16. november 2007 døydde Kausland av kreft, berre 60 år gammal. Ho etterlét seg to vaksne barn.

Roller i filmar og TV-seriar

endre

Referansar

endre
  1. Kausland operert for kreft i VG (17. februar 2006) «Hele Norges «lille Grethe» - Grethe Kausland (58) - ble operert for lungekreft sist uke.»
  2. Grethe tilkjent 320 000 Arkivert 2007-11-26 ved Wayback Machine. i Se og Hør (14. september 2006) «I Forliksrådet er avisen VG dømt til å betale rekordhøye 320 000 kroner i oppreisning til den folkekjære show-artisten Grethe Kausland (59). […] På et førstesideoppslag 17. februar skrev avisen om Grethes kreftsykdom mot hennes og familiens ønske. Grethe følte seg krenket og krevde et oppreisningsbeløp på 650 000 i forliksrådet.»
  3. VG kjøper seg fri[daud lenkje] i NA24 «Meningen var at Kausland og VG skulle møtes i Oslo Tingrett torsdag etter at avisen anket en kjennelse fra forliksrådet tidligere i måneden. Nå unngår partene rettsmøtet etter å ha inngått forlik.»

Bakgrunnsstoff

endre