Grilling er ein måte å steike mat på ved hjelp av sterk varmestråling frå eld eller eit varmeelement. Ofte blir maten lagt på ei stekerist (grill) eller ein flat stein og varma opp frå over- eller undersida. Ein kan også grilla mat tredd på større eller mindre grillspyd.

Grilling av egg og kjøt i Thailand.
Ulike mattypar på grillrist og steinhelle.

Grillar er eigne apparat som blir brukte til grilling, og kan bruka glødande trekol, elektrisitet eller gass til å gje varme. Grilling føregår ofte utandørs, og er i kaldare land gjerne rekna som ein koseleg, sosial aktivitet ein gjer om sommaren.

Ein kan grilla ei rekkje ulike matvarer, som kjøt, sjømat, grønsaker og frukt. Grillmaten får typisk ei tørr, sprø utside med ein særskild smak skapt av maillardreaksjonen, medan innsida kan halda seg saftig eller nær rå. Bruk av marinade kan endra smaken til maten og gjera kjøt mørare. Vidare kan ein ha grillsaus, som i nokre høve også er laga på grillen, og ulikt anna tilbehøyr saman med grillmat, til dømes salatar som potetsalat, brødmat som hamburgerbrød, ris, grønsaker og så bortetter.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Grilling
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.