Grillmat er mat tilreidd gjennom grilling og eventuelt tilbehøyr. Ein kan grilla ei rekkje ulike råvarer på forskjellige måtar, og fleire kulturar har sine eigne grillmattradisjonar.

Kebab i Iran med kyllingbitar og tomatar på små grillspyd.
Ginanggang, grilla banan frå Filippinane.

Råvarer ein kan grilla endre

Kjøt

Ulike typar kjøt er vanlege å ha på grill. Ein kan bruka større kjøtstykke, som steik eller entrecôte, skiver som kotelett, ytre- og indrefilet, mindre kjøtstykke på grillspyd og liknande, og farseprodukt som pølser og burgerar.

Sjømat

Ein kan grilla det meste av sjømat, ofte heile, som fisk og skaldyr, eller i bitar som fiskefiletar, fiskebitar, blekksprutdelar og så bortetter.

Andre dyreprodukt

Ein kan også grilla egg og nokre typar ost, som halloumi og mozzarella.

Grønsaker

Grønsaker kan leggjast rett på grillen, grillast på spyd eller i folie som held på safta deira. Sopp, lauk, tomat, paprika, squash og maiskolbar er nokre grønsaker det er vanleg å grilla. Dei flest rotfrukter som potet, gulrot og pastinakk eigner seg også til grilling.

Frukt

Faste, søte frukter passar godt til grilling og blir då gjerne brukt til dessertar. Innpakka i folie kan ein grilla frukt i småbitar eller frukt som lett deler seg. Ananas, appelsin, banan, eple, fersken, mango, melon og pære er døme på frukter det går godt an å grilla.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Grillmat