Potetsalat
Potetsalat er ein matrett som hovudsakleg består av kokte potetar som er skorne i terningar, rømme og majones. Mange bruker også mange andre ingrediensar i potetsalaten, som creme fraiche, eple, lauk, raudlauk, vårlauk, purrelauk eller graslauk, sylteagurk, kapers, sitronsaft, sukker, og ulike andre frukter, krydder (som salt, peppar og sennep) og urter.
Ein blander ingrediensane saman og serverer potetsalaten anten kald eller luna, etter at han har fått stå ei tid og trekke.
I Noreg er det vanleg å servere potetsalat til blant anna grillmat og spekemat[1] og ved kaldtbord.[2][3]
Kjelder
endre- ↑ «Hjemmelaget potetsalat med sennep | Oppskrift | Meny.no», www.meny.no (på norsk), henta 28. august 2023
- ↑ «Potetsalat», www.matprat.no (på norsk), henta 28. august 2023
- ↑ Solgåva (20. mai 2018), «Potetsalat», Solgåva, henta 28. august 2023
- Denne artikkelen bygger på «Potetsalat» frå Wikipedia på bokmål, den 1. desember 2017.