Groshette
soppart
(Omdirigert frå Grohette)
Groshette (Mycena guldeniana) er ein særs liten gråbrun hettesopp som veks på nedfalne og rotnande blad i alpine vierkratt. Hatten har ein diameter på 1–2 millimeter.
Groshette | |
Groshette Foto: Arne Aronsen/Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
| |
Systematikk | |
Rike: | Soppriket Fungi |
Underrekkje: | Hymeniesoppar Agaricomycotina |
Klasse: | Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes |
Underklasse: | Agaricomycetidae |
Orden: | Skivesoppordenen Agaricales |
Familie: | Mycenaceae |
Slekt: | Hettesoppar Mycena |
Art: | Groshette M. guldeniana |
Vitskapleg namn | |
Mycena guldeniana |
Groshette veks ofte saman med og liknar på vierbladhette men skil seg ved at hatten er brun på let. Groshette liknar òg på seljebladhette som veks i låglandet, men denne har ein nesten kvit hatt.
Soppen veks gjerne fram seint om hausten og har ein kort sesong. Han veks eismalt eller i grupper på falne Salix-lauv: til dømes på lauv av Salix lapponum.
Arten er berre kjend i Noreg, der han er kjend frå fleire fylke. Mogelegvis er arten vanleg i områda der han veks og at liten storleik og utilgjengeleg habitat har ført til få observasjonar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artiklane Gros hette - Mycena guldeniana og Mycena guldeniana skrivne av Arne Aronsen. Artiklane vart utgjevne av Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo under lisensen CC BY 3.0. Henta 3. juli 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) groshette hos Artsdatabanken
- (en) groshette i Encyclopedia of Life
- (en) groshette i Global Biodiversity Information Facility
- (en) groshette hos Index Fungorum
- (en) groshette hos MycoBank
- (en) groshette hos NCBI
- (en) Kategori:Mycena guldeniana – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons