Seljebladhette
Seljebladhette (Mycena terena) er ein liten hettesopp som veks i småe grupper på nedfalne, fuktige og rotnande seljeblad. Han har ein hatt som fyrst er bleikt grå eller beige men som snøgt vert kvit. Hatten er 1-3 millimeter på tvers.
Seljebladhette | |
Seljebladhette | |
Systematikk | |
Rike: | Soppriket Fungi |
Underrekkje: | Hymeniesoppar Agaricomycotina |
Klasse: | Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes |
Underklasse: | Agaricomycetidae |
Orden: | Skivesoppordenen Agaricales |
Familie: | Mycenaceae |
Slekt: | Hettesoppar Mycena |
Art: | Seljebladhette M. terena |
Vitskapleg namn | |
Mycena terena |
Stilken til særs unge seljebladhetter er svart, og denne svarte leten vert ofte verande i den øvre delen av stilken etter kvart som soppen veks og utviklar seg. Til sist vert heile stilken vassklår med ein kvit let.
Grohette kan likna ein del på seljebladhette, men har ein hatt som er noko brun på let.
Seljebladhette veks om hausten og er særs sjeldan. Han er kjend frå to stader i søraust-Noreg.
Kjelder
endre- Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artiklane Seljebladhette - Mycena terena og Mycena terena skrivne av Arne Aronsen. Artiklane vart utgjevne av Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo under lisensen CC BY 3.0. Henta 3. juli 2016.