Groshette

soppart

Groshette (Mycena guldeniana) er ein særs liten gråbrun hettesopp som veks på nedfalne og rotnande blad i alpine vierkratt. Hatten har ein diameter på 1–2 millimeter.

Groshette
Groshette Foto: Arne Aronsen/Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Groshette
Foto: Arne Aronsen/Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Underklasse: Agaricomycetidae
Orden: Skivesoppordenen Agaricales
Familie: Mycenaceae
Slekt: Hettesoppar Mycena
Art: Groshette M. guldeniana
Vitskapleg namn
Mycena guldeniana

Groshette veks ofte saman med og liknar på vierbladhette men skil seg ved at hatten er brun på let. Groshette liknar òg på seljebladhette som veks i låglandet, men denne har ein nesten kvit hatt.

Soppen veks gjerne fram seint om hausten og har ein kort sesong. Han veks eismalt eller i grupper på falne Salix-lauv: til dømes på lauv av Salix lapponum.

Arten er berre kjend i Noreg, der han er kjend frå fleire fylke. Mogelegvis er arten vanleg i områda der han veks og at liten storleik og utilgjengeleg habitat har ført til få observasjonar.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre