Grytten kyrkje
Grytten kyrkje ligg i bygda Veblungsnes i Rauma kommune. Kyrkja vart bygd i 1829 av treverk. Den er ei av fleire åttekanta kyrkjer i landet. Førebiletet har vore Sør-Fron kyrkje i Gudbrandsdalen. Sør-Fron kyrkje er ei stor steinkyrkje, bygd som ein åttekant utstrekt i breidda. Grytten kyrkje er enklare enn Sør-Fron kyrkje, og har eit grunnplan som ein likesida åttekant.
Grytten kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Indre Romsdal | ||
Stad | Veblungsnes | ||
Lengd | 225 m2 m | ||
Type | Åttekantkyrkje | ||
Teknikk | tømra | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1829 | ||
Tårn | Klokketårnet er av treverk og har to kyrkjeklokker. | ||
Skip | Åttekanta, eitskipa hallkyrkje | ||
Kyrkjegard | ligg ved kyrkja | ||
Preikestol | Frå 1829 | ||
Altartavle | Altarklede frå 1733 | ||
Sitjeplassar | 250 | ||
Diverse | Eit krusifiks frå slutten av 1200-talet | ||
Grytten kyrkje 62°33′10″N 7°40′24″E / 62.5528°N 7.6732°E | |||
Wikimedia Commons: Grytten kirke |
Kyrkja vart bygd av restane av ei korskyrkje frå omkring 1730.[1]
Kyrkja har to kyrkjeklokker. Den eine vart send til omstøyping i Nederland i 1751, den andre kyrkjeklokka er eldre.
Grytten var og namn på den tidlegare kommunen før Rauma kommune vart danna.
Tidlegare kyrkjer
endreKyrkja frå 1730 sto opphavleg mellom den gamle prestegarden på Grytina og Brønnsletta nedst i Isterdalen. Denne kyrkja måtte rivast fordi den var trua av å bli nedgravd i sand. Flygesand var eit stort problem langs nedre del av elva Rauma og halvparten av prestegarden på Grytten var gjort om til sandørken. I 1824 var det på den austre sida av kyrkja ein sandbanke på «9 alens høide» og på nordre side ein banke på høgde med fundamentet for tårnet; størsteparten av kyrkjegarden var dekt av sand og kyrkjebygget var svært skada av sand som trengte inn..[1] J.F.L. Dreiers bilete «Udsigten ved Grytten i Romsdalen» frå 1826 viser den gamle korskyrkja med «de merkværdige Fielde» Bispen, Kongen og Dronninga i bakgrunnen.[2] Før korskyrkja skal det ha vore 2 tidlegare kyrkjebygg, mellom anna ei stavkyrkje frå katolsk tid og deretter ei kyrkje innvia i 1651 (rasa saman i 1728).[1] «Gryttinar kirkja» var Grytten hovudkyrkjes gamle namn, og blir nemnt i Aslak Bolts jordebok (1432) og i Trondhjems reformats 1589.
Interiøret
endreKyrkja har preikestolaltar. Dette er òg bygd med Sør-Fron kyrkje som forbilde, men er noka enklare. Ein del element er slavisk kopiert. Der Sør-Fron kyrkje over altertavla har sett inn to voluttkonsoll frå den gamle preikestolen har Grytten kyrkje fått nylaga slike konsoll ved bygginga. Sør-Fron kyrkje har øvst på altarveggen ein oval strålekrans der Guds namn på hebraisk - Jahve - er skrive inn. Dei som bygde Grytten kyrkje må ha misoppfatta dette til å vere eit årstal, for i Grytten kyrkje er det byggeåret for kyrkja som er omgitt av guddommelege strålar.
På galleriet heng eit krusifiks som truleg er frå slutten av 1200-talet.
Vegkyrkje
endreKyrkja er ope som vegkyrkje om sommaren.
Kjelder
endre- Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. Kyrkjene våre i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210
- Grytten menighetsråd. 2004. "Grytten Kirke 175 år"
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Helland, Amund (1911): Norges land og folk. Topografisk-statistisk beskrevet. Romsdals amt. Kristiania: Aschehoug
- ↑ JFL Dreiers bilete på DigitaltMuseum
Bakgrunnsstoff
endre- Om Grytten kyrkje i Kyrkjebyggdatabasen[daud lenkje]
- Eckersbergs bilete med betre oppløysing Arkivert 2015-02-22 ved Wayback Machine.
- Grytten kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren