Gudbuy T'Jane
Singel av Slade
frå albumet Slayed?
B-side

I Won't Let It 'Appen Agen

Utgjeve 17. november 1972[1]
Sjanger Glamrock, hardrock
Lengd 3:33
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi 
«Mama Weer All Crazee Now»
(1972)
Gudbuy T'Jane «Cum On Feel the Noize»
(1973)


«Gudbuy T'Jane» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1972 som den andre singelen frå det tredje studioalbumet deira, Slayed?. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Songen nådde andreplassen på den britiske singellista og låg inne på lista i 13 veker.[2] Singelen selde til sølvplate i Storbritannia i 1973.[3] I USA nådde songen 68. plassen.[4] Han vart òg gjeven ut på samlealbumet Sladest i 1973.

Songen gjekk til topps på lista til New Musical Express[5] og var den mest suksessrike singelen til Slade i USA i 1970-åra, då han nådde 68. plassen der.[4] B-sida til singelen «I Won't Let It 'Appen Agen», som òg kom ut på Slayed? som eit albumspor.

Det vart filma to musikkvideoar til filmen, begge av Caravelle. Den første viste bandet som vitskapsfolk i eit observatorium med kvite frakkar og utklyppstavle. Den andre videoen vart filma i The Rainbow Theatre i London ein ettermiddag før bandet skulle halde konsert der. Dei framførte songen på scenen og seinare vart det lagt til filmklipp frå publikum.[6]

I Storbritannia spelte bandet songen på musikkshowet Top of the Pops. Dei spelte òg songen på det tyske TV-showet Musikladen og det nederlandske showet TopPop.[7]

Innhald endre

7"-singel
  1. «Gudbuy T'Jane» – 3:31
  2. «I Won't Let It 'Appen Agen» – 3:15
7"-singel (Amerikansk promo)
  1. «Gudbuy T'Jane» – 3:31
  2. «Gudbuy T'Jane» – 3:31
7"-singel (Singapore EP)
  1. «Gudbuy T'Jane» – 3:31
  2. «Look At Last Nite» – 3:06
  3. «Mama Weer All Crazee Now» – 3:45
  4. «I Won't Let It 'Appen Agen» – 3:15

Salslister endre

Liste (1972/73) Plassering
Australia (Kent Music Report)[8] 11
Den austerrikske singellista[9] 7
Den belgiske singellista[10][11] 5
Canadian Singles Chart[12] 72
Den nederlandske singellista[13] 4
Den franske singellista[14] 8
Den tyske singellista[15] 3
Irish Singles Chart[16] 2
Norwegian Singles Chart[17] 7
Den sveitsiske singellista[18] 4
UK Singles Chart[2] 2
U.S. Billboard Hot 100[19] 68

Medverkande endre

Slade
Andre medverkande

Kjelder endre

  1. http://www.45cat.com/record/2058312
  2. 2,0 2,1 «SLADE | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 9. oktober 2021. 
  3. Slade Fan Club Newsletter Februar–March 1973
  4. 4,0 4,1 «Slade – Chart history». Billboard. Henta 9. oktober 2021. 
  5. «1972 Press Cuttings». Slade Scrapbook. Arkivert frå originalen 6. oktober 2021. Henta 9. oktober 2021. 
  6. «1986 – Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 9. oktober 2021. 
  7. «Slade – Gudbuy T'Jane – TopPop». YouTube. Henta 9. oktober 2021. 
  8. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6. 
  9. Steffen Hung. «Slade – Gudbuy T'Jane». austriancharts.at. Henta 5. oktober 2021. 
  10. «top20hitparade». Flandern-hitparade.net. Arkivert frå originalen 21. mars 2012. Henta 5. oktober 2021. 
  11. «ultratop.be – Slade – Gudbuy T'Jane». ultratop.be. Henta 9. oktober 2021. 
  12. «Results – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 5. oktober 2021. 
  13. Steffen Hung. «Slade – Gudbuy T'Jane». dutchcharts.nl. Henta 5. oktober 2021. 
  14. «InfoDisc : Tout les Titres par Artiste». infodisc.fr. Arkivert frå originalen 26. oktober 2013. Henta 9. oktober 2021. 
  15. «Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets». Musicline.de. Arkivert frå originalen 19. desember 2013. Henta 5. oktober 2021. 
  16. Jaclyn Ward. «The Irish Charts – All there is to know». Irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 3. juni 2009. Henta 5. oktober 2021. 
  17. Steffen Hung. «Slade – Gudbuy T'Jane». norwegiancharts.com. Henta 5. oktober 2021. 
  18. Steffen Hung. «Slade – Gudbuy T'Jane». hitparade.ch. Henta 5. oktober 2021. 
  19. «Slade – Chart history». Billboard. Henta 9. oktober 2021.