Sladest
Sladest Samlealbum av Slade | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. september 1973 | |
Sjanger | Glamrock, hardrock | |
Lengd | 45:47 | |
Selskap | Polydor (Storbritannia), Reprise (USA) | |
Produsent | Chas Chandler | |
Slade-kronologi | ||
---|---|---|
Slayed? (1972) |
Sladest | Old, New, Borrowed and Blue (1974)
|
Sladest er eit samlealbum av det britiske rockebandet Slade. Det vart gjeve ut av Polydor den 28. september 1973 og selde til sølvplate i Storbritannia den månaden. Det låg på lista i 24 veker.[1] Albumet selde til gullplate i Storbritannia i november 1973.[2] I Amerika vart Sladest gjeve ut av Reprise med ei anna sporliste. Det nådde 129. plassen på Billboard 200.[3]
Bakgrunn
endreI 1973 var Slade eit av dei mest populære banda i Storbritannia, etter å ha oppnådd to nummer éin-singlar - «Cum On Feel The Noize» og «Skweeze Me, Pleeze Me» - på tre månader. Begge hadde gått rett til topps på lista, noko som var ein sjeldan bragd den gongen og ikkje hadde vorte oppnådd sidan The Beatles med «Get Back» i 1969. Likevel kort tid etter utgivinga av «Skweeze Me, Pleeze Me», var trommeslagaren Don Powell involvert i ei nesten dødeleg bilulykke i juli 1973. Ulykka sette framtida til bandet i tvil, og trass i den kritiske tilstanden hans klarte Powell å komma seg.[4]
Medan dei spelte inn det neste studioalbumet sitt, Old New Borrowed and Blue, valde Slade å gje ut ei samleplate for å oppretthalde momentet til bandet. Sladest kom ut i september 1973 på same dagen som den nye singelen «My Friend Stan». Sladest toppa den britiske albumlista og vart ein suksess i Europa og andre stader. Den første veka selde det til sølvplate i Storbritannia og i november hadde det oppnådd gullplate for 200 000 selde eksemplar.[5][6] Det låg på toppen av lista dei første tre vekene etter det kom ut og gjekk seinare til topps på lista igjen i midten av januar 1974 etter suksessen til «Merry Xmas Everybody».[1]
Utgjeving
endreSladest skulle opphavleg heite «The Best of Slade».[7][8] Det bestod av fjorten spor og inneheld åtte av hitsinglane deira fram til då, i lag med seks andre spor som kom frå tida før dei slo gjennom i 1971. I Amerika vart albumet gjeve ut av Reprise (Warner Bros. Records), og var den første utgjevinga deira for selskapet. Utgjevinga bestod av ti spor, inkludert åtte av hitsinglane deira, i tillegg til «My Friend Stan» og B-sida 0«My Town».
Sladest vart først gjeven ut på CD i Japan i 1988.[9] Ei utgåve på CD i Europa og Storbritannia kom i 1993.[10][11] I 2011 vart albumet ommastra og gjeve ut på CD av Salvo. Det inneheld fire ekstra spor, mellom anna den tidlegare ikkje-utgjevne studioutgåva av «Hear Me Calling».[12]
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [13] |
Christgau's Record Guide | B+[14] |
Record Collector | [15] |
Då albumet kom ut i Amerika skildra Ken Barnes i Rolling Stone albumet som ei «omfattande samling», som gav «uforbedrande perspektiv på dei tidlegare suksessane deira, i tillegg til nokre av dei villaste rock-and-roll-songane du nokon gong vil høyra». Han oppsummerte albumet som «årets beste rockealbum».[16] Robert Christgau meinte at Slayed? var «mindre melodirikt», han føretrekte dette føre Sladest, som inneheld songar som såg «desse anglopop-fenomane bli til galne galningar».[17] Billboard meinte albumet var ein «ekstremt smart manøver», og tente «både føremålet med å introdusere dei som eit singelband og gav dei nesten ein ny start med det amerikanske publikummet».[18]
I ei seinare melding skreiv Paul Tinelli i AllMusic at albumet inneheld «alle songane som hjelpte bandet å selje tonnevis av plater og fylle arenaer i Storbritannia tidleg i 1970-åra.» Han meinte materialet som gjekk bort frå «suksessformelen med fengande gitarriff og store refreng mislukkast».[13] I 2003 inkluderte Spin albumet på lista si over «essensiell glamrock». Dei skreiv at materialet hadde «vindtunnel gitar og refreng den mest lager-fulle bølla kunne synge med på», og la til at dei «stadion-stampande anthem-ane her køyrer spekteret frå dum til dummare.»[19]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Cum On Feel the Noize» | Noddy Holder, Jim Lea | 4:29 |
2. | «Look Wot You Dun» | Holder, Lea, Don Powell | 2:57 |
3. | «Gudbuy T'Jane» | Holder, Lea | 3:31 |
4. | «One Way Hotel» | Holder, Lea, Powell | 2:39 |
5. | «Skweeze Me, Pleeze Me» | Holder, Lea | 4:35 |
6. | «Pouk Hill» | Holder, Lea, Powell | 2:24 |
7. | «The Shape of Things to Come» | Barry Mann, Cynthia Weil | 2:17 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
8. | «Take Me Bak 'Ome» | Holder, Lea | 3:13 |
9. | «Coz I Luv You» | Holder, Lea | 3:24 |
10. | «Wild Winds Are Blowing» | Bob Saker, Jack Winsley | 2:38 |
11. | «Know Who You Are» | Dave Hill, Holder, Lea, Powell | 2:53 |
12. | «Get Down and Get with It» | Bobby Marchan | 3:48 |
13. | «Look at Last Nite» | Holder, Lea | 3:05 |
14. | «Mama Weer All Crazee Now» | Holder, Lea | 3:44 |
Bonuspor på Salvo-utgåva frå 2011
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
15. | «Hear Me Calling» (studioutgåva) | Alvin Lee | 2:45 |
16. | «My Friend Stan» | Holder, Lea | 2:41 |
17. | «My Town» | Holder, Lea | 3:06 |
18. | «Kill 'Em at the Hot Club Tonite» | Holder, Lea | 3:20 |
Amerikansk utgåve
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Cum On Feel the Noize» | 4:30 |
2. | «Look Wot You Dun» | 2:57 |
3. | «Gudbuy T'Jane» | 3:31 |
4. | «My Friend Stan» | 2:40 |
5. | «Skweeze Me, Pleeze Me» | 2:35 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Take Me Bak 'Ome» | 3:15 |
7. | «Coz I Luv You» | 3:24 |
8. | «My Town» | 3:05 |
9. | «Get Down and Get with It» | 3:48 |
10. | «Mama Weer All Crazee Now» | 3:42 |
Salslister
endreListe (1973) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[20] | 3 |
Den austerrikske albumlista[21] | 10 |
Den kanadiske albumlista[22] | 75 |
Den finske albumlista | 1 |
Den tyske albumlista[23] | 3 |
VG-lista[24] | 4 |
UK Albums Chart[25] | 1 |
US Billboard 200[3] | 129 |
Medverkande
endre- Slade
- Noddy Holder – solovokal, rytmegitar
- Dave Hill – sologitar, korvokal
- Jim Lea – bass, piano, fiolin, korvokal
- Don Powell – trommer
- Andre medverkande
- Chas Chandler - produsent
- Bob Houston – platenotat
- Gered Mankowitz – fotografi
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sladest» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2021.
- ↑ 1,0 1,1 «Slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 5. oktober 2021.
- ↑ «Home». BPI. Henta 5. oktober 2021.
- ↑ 3,0 3,1 «Slade». Billboard. Henta 5. oktober 2021.
- ↑ CD-heftet til Old New Borrowed and Blue - 2006 Salvo
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 14. juli 2012. Henta 10. oktober 2021.
- ↑ Fan Club Newsletter Desember 1973
- ↑ [1]
- ↑ Slade Fan Club Newsletter August–September 1973
- ↑ «Slade - Sladest (CD) at Discogs». Discogs.com. 25. september 1988. Henta 5. oktober 2021.
- ↑ «Slade - Sladest (CD) at Discogs». Discogs.com. Henta 5. oktober 2021.
- ↑ «Slade - Sladest (CD) at Discogs». Discogs.com. Henta 5. oktober 2021.
- ↑ «Slade - Sladest (CD) at Discogs». Discogs.com. Henta 5. oktober 2021.
- ↑ 13,0 13,1 AllMusic Review by Paul Tinelli. «Sladest - Slade | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 5. oktober 2021.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 12. mars 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ «Sladest - Record Collector Magazine». Recordcollectormag.com. 26. mai 2011. Henta 5. oktober 2021.
- ↑ (Posted: Dec 6, 1973) (6. desember 1973). «Slade: Sladest : Music Reviews : Rolling Stone». Arkivert frå originalen 6. mars 2008. Henta 5. oktober 2021.
- ↑ «CG: slade». Robert Christgau. 18. april 2006. Henta 5. oktober 2021.
- ↑ «Billboard». 13. oktober 1973: 46. Henta 5. oktober 2021 – via Internet Archive. «slade sladest American listening public.»
- ↑ «SPIN - Google Books». September 2003. Henta 5. oktober 2021.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ Steffen Hung. «Slade – Sladest». austriancharts.at. Henta 5. oktober 2021.
- ↑ «Results – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 5. oktober 2021.
- ↑ «charts.de». charts.de. Henta 5. oktober 2021.
- ↑ Steffen Hung. «Slade – Sladest». norwegiancharts.com. Arkivert frå originalen 4. november 2012. Henta 5. oktober 2021.
- ↑ «SLADE | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 22. april 2016.