Springaren Gullfakse er er rekna som telemarkstradisjon noomstunder, men soga seier at Myllarguten henta slåtten hjå Per Bulko i Hardanger. Rikard Berge reknar med at det var Myllaren som i si tid dikta slåtten. Opphavleg har han vore kalla Persons-vrita (elles nytta om ein variant under krinsen Siklebekken).

Berge skriv:

Um namnet veit eg ingenting aa segja. Sume kallar han berre "Vrita", for di han er so rang og tung aa spela. Nyare namne paa han er "Gullfaks", anten paasett av fykerudane eller Hallvord J. Lid eller andre bøherings-spelemennar. Sume meiner at "Vrita" er ein av "Jørns-rengjune" etter Jørn Hilme i Valdres. Men ho liknar ikkje Hilme-rengjune; der er styttre og turrare og riv meir paa, og "vrita" er likso ulik "rengjune" som Telemarks-spelet er ulikt Valdres-spelet.

Hardingfeleverket kommenterer slik:

Faks = mån, manke. Gullfakse gjerne tilnamn på ein særs fager hest, og når slåtten har fått dette namnet er det truleg av di det var ein uvanleg vakker slått. Etter Bjørndal skal det vera same slåtten som "Personsvrita"... Bjørndal meiner at Myllarguten lærte slåtten på Sekse, Ullensvang i 1840-50-åra av Per Bulko, Ullensvang. I Hardanger har dei lenge kalla slåtten for "Gullfakse".

Som ein ser, er Berge og Bjørndal usamde om opphavet til slåtten. I denne samanhengen er det truleg Bjørndal som er nærast sanninga.

Variantgruppa endre

Slåtten har variantnr 432 i Hardingfeleverket, med tre variantar i alt. Alle variantane ber same namnet, noko som tyder på at dei alle kjem frå same kjelda. Slåttane er skrivne ned av Eivind Groven, som og spela inn slåtten for NRK i 1948. At springaren har taktbrot tyder på ei tilknyting til Hardanger, sjølv om alle nedskriftene kjem frå Telemark.