Gulskogen stasjon
jarnbanestasjon i Drammen, Noreg
Gulskogen stasjon er ein jarnbanestasjon i Drammen kommune i Buskerud som ligg mellom Drammen stasjon og Hokksund stasjon. Stasjonen blei opna som stoggestad i 1868, to år etter Randsfjordsbana si opning. Stasjonen ligg 55,27 km frå Oslo. I dag blir stasjonen rekna som stasjon på Sørlandsbana. Stasjonsbygninga i dag er frå 1915. Stasjonen skal få betre tilgjenge, fire spor og lengre plattformer i perioden 2024-2025.[1]
Gulskogen stasjon | |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Gulskogen, Drammen (Buskerud) |
Distanse | 55,27 |
Høgd | 8,0 moh. |
Opna | 1868 |
Arkitekt | Gudmund Hoel (1915) |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Sørlandsbanen |
Eigar(ar) | Bane NOR |
Operatør(ar) | Vy Tog, Go-Ahead |
Overgang | |
Kjelder
endre- ↑ «Gulskogen stasjon - Bane NOR», www.banenor.no, arkivert frå originalen 9. august 2020, henta 23. april 2020