Randsfjordbanen er ei jarnbane mellom Drammen over Hokksund, Vikersund, Hønefoss i Buskerud fylke og Randsfjord stasjon i sørvestenden av Randsfjorden ved Jevnaker i Oppland fylke, opna i 1868. Endestasjonen låg på vestbreidda av sørenden av Randsfjorden, på den andre sidan av Randselva i høve til dagens Jevnaker tettstad.

Hen stasjon.

Eit sidespor frå Hokksund til Kongsberg vart opna i 1871. Frå Vikersund tok den no nedlagde Krøderbanen (som no er museumsjarnbane) av frå Randsfjordbanen, på Hønefoss tok Bergensbanen mot Roa av mot nordaust og Bergensbanen i retning mot Hallingdal mot nordvest, og på Hen stasjon i nærleiken av Hønefoss tok den no nedlagde Sperillbanen av mot nord.

Opphavleg var Randsfjordbanen smalspora, med ei sporvidd på 1067 mm, men vart opna som normalspora jarnbane, 1435 mm, i 1909. Bana er elektrifisert mellom Hokksund og Hønefoss, på resten av strekninga har det ikkje vore elektrisk drift.

Etter at Sørlandsbanen vart bygd frå 1920 og framover, kom strekninga mellom Drammen over Hokksund til Kongsberg til å verte rekna som ein part av Sørlandsbanen, slik at Randsfjordbanen frå då av byrja på Hokksund. Då det i 1909 vart bygd ein helt ny trasé på austsida av Randselva for Bergensbanen mellom Hønefoss og Roa, med ein ny stasjon på Jevnaker om lag ein kilometer frå den gamle endestasjonen på Randsfjordbanen, fekk denne stasjonen trafikken av di han låg betre til for Hadeland Glassverk og sagbruka i området.

Persontrafikken heilt fram til Randsfjord stasjon vart lagt ned 26. mai 1968, etter 100 års drift. Mellom Bergermoen og Randsfjord vart all trafikk lagt ned 1. januar 1981, og i 1984 vart skjenegangen på denne strekninga fjerna og bana omgjort til gang- og sykkelveg. Resten av lokaltrafikken på bana tok slutt 7. januar 2001, etter 133 års drift. I dag er det berre strekninga Hokksund – Hønefoss som har regulær trafikk med persontog ved at toga mellom Bergen og Oslo no går denne strekninga i staden for den opphavlege ruta om Roa og over Gjøvikbanen til Oslo.