Gunder Aas (13. mai 17855. mai 1853) var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Han var amtmann i Stavanger amt 1833–53.

Gunder Aas
Gunder Aas.png
Fødd 13. mai 1785
Melhus
Død

5. mai 1853
Stavanger kommune

Yrke politikar

Gunder Aas var frå garden Øyås i Melhus, der far hans var gardbrukar. Han tok norsk juridisk eksamen i 1812 med beste karakter og var prokurator ved underretten i Lister og Mandals amt. Juli 1814 vart han utnemnd til byfut i Vardø, samt garnisonsauditør, magasins- og ammunisjonsforvaltar ved Vardøhus festning. Han gjekk i 1817 av frå desse embeta med vartpengar. Sakførar ved stiftsoverretten i Trondheim i 1818, overrettsprokurator 1821.

Same året, 1821, vart han utnemnd til sorenskrivar i Vestre Råbyggelaget, deretter frå 1829 sorenskrivar i Jæren og Dalane. I 1833 tok han over amtmannsembetet i Stavanger amt og styrte dette til han døydde. «Som embedsmand indla han sig særlig fortjeneste ved at forbedre jurisdiktionsinddelingen i sine embedsdistrikter, saaledes ved at den besværlige uoverensstemmelse mellem den verdslige og geistlige inddeling blev hævet», skriv Tallak Lindstøl.

Aas representerte Stavanger amt på Stortinget i 1833, der han var sekretær i stortinget. Han var og medlem av komiteen om næringsvegane og sekretær i komiteen om tiendrettar i Finnmark.

Frå 1836 til 1846, med unntak av årene 1840–43, var Aas formann i Stavanger amts landhusholdningsselskab. I 1843 vart han utnemnd til riddar av Nordstjerneordenen.

Han døydde i Stavanger.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914