Gunnar Fredrik Berndtson (24. oktober 18549. april 1895) var ein finsk kunstmålar.

Gunnar Berndtson
Gunnar Berndtson self-portrait.jpg
Fødd 24. oktober 1854
Helsingfors
Død

9. april 1895
Helsingfors

Yrke kunstmålar
Gunnar Berndtson på Commons

Berndtson var fødd i Helsingfors. Han var son av forfattaren Fredrik Berndtson.

Han blei student i heimbyen i 1872. Seinare tok han opp måleri. Han studerte dels i heimlandet og dels i Paris, der han var elev av Gérôme ved École des Beaux-Arts frå 1876 til 1877. I 1882-1883 var han på kunstreise til Egypt.

Gunnar Berndtson måla sjangerbilde og portrett, som «utmerka seg ved elegans i utføringa og omsorgsfull finheit i detaljane.»[1]

Gunnar Fredrik Berndtson : Konstkännare i Louvre (1879)

Av måleria hans kan nemnast dei parisiske måleria Konstkännare i Louvre (1879) og La chanson de la mariée (1881), Almée måla i Kairo i 1883), og fleire scener frå finsk soldatliv. Han bidrog med teikningar til bokverket Finland i 19:e seklet (1893).

Berndtson døydde i Helsingfors i 1895 etter lengre tids sjukdom.

KjelderEndra


BakgrunnsstoffEndra