Gunnar Bovim
Gunnar Bovim (fødd 2. februar 1960 i Bergen) er ein norsk lege. Han var rektor ved Noregs teknisk-naturvitskaplge universitet (NTNU) frå 2013 til 2019.
Gunnar Bovim | |||
| |||
Fødd | 26. januar 1960 Bergen | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | nevrologi | ||
Yrke | professor, nevrolog, forskar | ||
Institusjonar | Norges Tekniske Vitenskapsakademi Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
Alma mater | Det medisinske fakultet | ||
Medlem | Norges Tekniske Vitenskapsakademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab | ||
Verv | Rektor ved NTNU 2013-2019 | ||
Føregangar | Torbjørn Digernes | ||
Etterfylgjar | Anne Borg |
Karriere
endreBovim vart utdanna lege i 1985 ved Universitetet i Bergen. Han vidareutdanna seg til spesialist i nevrologi i 1993, og tok doktorgraden i nevrologi same år, ved Universitetet i Trondheim.
I 1998 vart han overlege og professor i nevrologi ved Det medisinske fakultet (NTNU).
Frå 1996 til 1998 var han prodekan, og frå 1999 til 2005 dekan, ved Det medisinske fakultetet (NTNU).
I perioden 2000–2005 var han leiar for tematisk satsingsområde medisinsk teknologi, NTNU. I 2005 vart han tilsett som viseadministrerande direktør og i 2006 som administrerande direktør ved St. Olavs hospital.
I 2009 byrja han som administrerande direktør i Helse Midt-Norge RHF, ei stilling han hadde til han byrja som rektor ved NTNU i 2013.
Bovim vart første gong tilsett som rektor 6. desember 2012,[1] og byrja i stillinga 1. august 2013.[2] NTNU sitt styre tilsette han i oktober 2016 for ein ny fireårsperiode.[3] I august 2019 varsla han styreleiar ved NTNU at han ønskte å slutta som rektor, to år før åremålstida var omme. Årsaken var at han no er i eit forhold til ei av kollegene, som òg sit i NTNU si leiargruppe. Prorektor Anne Borg tok over som rektor frå 13. desember 2019 (konstituert 21. august–12. desember 2019).[4][5] Etter at han gjekk av som rektor, gjekk han over i ei rådgjevarstilling med arbeidsområdet forsknings- og utdanningspolitikk ved universitetet.[6]
Bovim har hatt – ei rekkje styreverv, nasjonalt og internasjonalt; blant anna som medlem av Hovedstyret og leiar for Divisjonsstyret for samfunn og helse i Noregs forskingsråd, og som leiar av Norsk nevrologisk forening frå 1998 til 1999. I perioden 2004–2007 var han delegat for Noreg i European Medical Research Council, og frå hausten 2013 var han medlem i styret for Universitets- og høgskolerådet (UHR) og sit i Research Policy Working Group under European University Association (EUA).
Bovim har publisert ei rekkje vitskaplege artiklar og vart i 1993 tildelt forskningsprisen til Norsk Migreneselskap. I 1995 mottok han Dr Ragnar Forbergs stipend.
Kjelder
endre- ↑ Gunnar Bovim blir ny rektor ved NTNU (pressemelding frå NTNU, 6. desember 2012)
- ↑ Første dag som rektor ved NTNU (videointervju frå NTNU sine campusar, 1. august 2013)
- ↑ Meland, Svein I. (26. oktober 2016) «Gunnar Bovim får ny periode som NTNU-rektor». I: Adresseavisen
- ↑ Bovim slutter som rektor
- ↑ Oksholen, Tore (13. desember 2019), «Her er NTNUs nye rektor», universitetsavisa.no (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 31. oktober 2020, henta 18. mars 2020
- ↑ Hanger, Mari Rian (10. september 2019). «Bovim får 1.250.000 som rådgiver». universitetsavisa.no (på norsk bokmål). Henta 19. september 2019.[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Gunnar Bovim i BIBSYS
- Publikasjonar av Gunnar Bovim i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin