Gunnar Nygård (fødd 24. desember 1897 i Kristiania, daud 25. januar 1997 i Bærum) var ein norsk kringkastingsmann og ein av pionerane innan norsk radio.

Gunnar Nygård
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. desember 1897
Christiania
Død

25. januar 1997 (99 år)
Bærum kommune

Yrke journalist
Språk norsk

Biografi endre

Gunnar Nygård var telegrafutdanna og deltok i Prøvesendingane i telegrafstyret i 1923–24, først frå Tryvasshøgda, seinare frå Telegrafbygningen i Oslo sentrum.

Kringkastingen endre

Då Telegrafverket i 1925 starta faste sendingar på vegne av Kringkastingselsskapet AS i lokala til Brødrene Hals tidlegare pianofabrikk vart han fullmektig i kontrollen, og i 1933 følgde han med til NRK, der han avanserte til sjefteknikar. Han medverka ikkje berre på den tekniske sida, men òg i programavviklinga. Han hadde ei utmerka songstemme. I dei tidlege åra måtte han trø til under morgonandakta dersom salmen som presten ynskte ikkje fanst i grammofonplatearkivet.

Andre verdskrig endre

Under felttoget i Noreg i 1940 følgde Nygård regjeringa, og då kampane vart oppgjeve i Noreg vart Nygård send til Amerika for å undersøkja høve for norske sendingar frå det nøytrale USA.[1] Han forlét Noreg ombord på MK «Grimsøy» i Honningsvåg den 8. juni og kom til Canada via Island den 28. juni.[2] I Boston fekk NRK i september 1940 høve til å senda norske sendingar over kortbølgjestasjonen WRUL (World Radio University Listeners) med ein dagleg halvtime, mynta på sjøfolka i handelsflåten som var høyrt over heile kloden.[3]

Etterkrigstida endre

Hausten 1945 var Nygård tilbake det nye KringkastingshusetMarienlyst og han var med på å byggja opp NRK igjen etter krigsåra. Han hadde ulike oppgåver til han i 1947 fekk ansvaret for å leia dei nye kortbølgjesendingane til nordmenn og norskættede i utlandet, Utenlandssendingen som vart opna av kong Haakon 3. januar 1948.

Frå 1952 hadde Nygård tittelen programsekretær. I 1964 fekk han St. Olavsmedaljen for 40 års teneste for radioen. Han døydde i 1997 i sitt hundrede leveår.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Kreyberg, Leiv (1896-1984) (1976). Efter ordre - eller uten. Oslo: Gyldendal. s. 105. ISBN 8205089353. 
  2. Ulstein, Ragnar (1920-) (1979). Englandsfarten. Oslo: Samlaget. ISBN 8252109837. 
  3. Dahl, Hans Fredrik (1939-) (1999). "Dette er London": NRK i krig 1940-1945. [Oslo]: Cappelen. ISBN 8202185777.