Gunnar Viken

norsk politikar

Gunnar Johannes Viken (fødd 9. juli 1948 i Mosvik) er ein gardbrukar og politikar frå Høgre. Han var fylkesordførar i Nord-Trøndelag fylke frå 2007 til 2015. Han har òg vore medlem av Mosvik kommunestyre og formannskap.

Gunnar Viken

Gunnar Viken
Foto: Nord-Trøndelag fylkeskommune
Fødd9. juli 1948 (75 år)
Levanger
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde, trafikklærer
Utdanna vedStatens trafikklærerskole
VervFylkesordførar i Nord-Trøndelag 2007–2015
FøregangarErik Bartnes
EtterfylgjarPål Sæther Eiden
Alle verv
  • fylkesordførar i Nord-Trøndelag (2007–2015)
  • vararepresentant til Stortinget (2013–2017) Sjå dette på Wikidata

Viken var Høgres gruppeleiar i Nord-Trøndelag fylkesting 2003–2007, og var Høgres 3. kandidat til Stortinget frå Nord-Trøndelag i 2005. Han var Nord-Trøndelag Høgres fyrstekandidat ved fylkestingsvalet 2007. Partiet fekk tre representantar i fylkestinget, og Viken vart einstemmig vald til ny fylkesordførar etter at Høgre, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre slutta ein samarbeidsavtale med felles plattform.[1]

Viken er i tillegg medlem av Nord-Trøndelag Høgres arbeidsutval. Han har tidlegare vore medlem av fylkeslandbruksstyret, derav tolv år som leiar.[2] Han har også vore leiar av Verran Sparebanks forstanderskap, leiar av Mosvik Bondelag og leiar av eldreutvalet til Nasjonalforeningen for folkehelsen i Nord-Trøndelag.[3]

Viken har utdanning frå Statens trafikklærerskole, og han dreiv Levanger trafikkskole 1976–1982. Frå 1982 er han gardbrukar med mjølkekyr og skogsdrift i Mosvik.[2] Han har elles politisk grunnopplæring, Høyres lederskole I og II, og 1. kandidatskolering i samband med stortingsval og fylkestingsval.

Kjelder endre

  1. «Høyres Gunnar Viken blir ny fylkesordfører». Namdalsavisa. 15. oktober 2007. Arkivert frå originalen 4. mars 2012. Henta 1. oktober 2011. 
  2. 2,0 2,1 «Gunnar Viken 60». Trønder-Avisa. 9. september 2008. 
  3. «Jubilanter». Aftenposten. 9. september 1998. 

Bakgrunnsstoff endre