Ragnfrid Trohaug
Ragnfrid Trohaug (fødd 23. desember 1975)[1] er ein norsk forfattar. Ho er fødd i Bodø, men flytta seinare til Bergen etter å ha tatt vidaregåande utdanning på United World College of the Atlantic i Wales. Ho er cand.mag frå Universitetet i Bergen, med eit uavslutta hovudfag i litteraturvitskap, med delfag i kvinne- og kjønnsteori, samt mellomfag i kunsthistorie og spansk språk og latinamerikastudie. Ho har også gått på Forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark.
Ragnfrid Trohaug | |
Nasjonalitet | Norsk |
Fødd | 23. desember 1975 (47 år) i Bodø |
Yrke | Forfattar, omsetjar, redaktør |
Periode | 2000- |
Debut | Okkupert kjærleik |
Ragnfrid Trohaug har vore spaltist i Nordlands Framtid, Dag og Tid, Bergens Tidende og Klassekampen. For tida jobbar ho som redaktør i Det Norske Samlaget.
Romanen Okkupert kjærleik er omsett til tysk, fransk og nederlandsk.
UtmerkingarEndra
- I 2000 fekk ho Blix-prisen, som blir delt ut til nordnorske forfattarar som skriv på nynorsk eller nordnorsk dialekt.
- I 2000 fekk ho Kulturdepartementets debutantpris.
- I 2002 fekk ho Guro Sandsdalens litteraturpris[2]
UtgjevingarEndra
- Okkupert kjærleik (ungdomsroman), Det Norske Samlaget, 2000
- Frå null til no, Det Norske Samlaget, 2001
- Synd.no, antologi (bidrag i antologi), redigert av Marit Eikemo, m.fl., Det Norske Samlaget, 2001
- Dobbeltgjengaren, høyrespel, NRK, 2002 (Det Norske Samlaget, 2004)
- Uten grenser, antologi, Kagge Forlag, 2002
- Kvinner Care, (bidrag i antologi), redigert av Anna Bache-Wiig og Morten Krogvold, Press, 2004
- Ikke mat sjimpansene (med Hilde Hagerup og Charlotte Glaser Munch), Aschehoug, 2004
- Landet Alltid Raudt (roman, fantasy), Det Norske Samlaget, 2005
- Rosa prosa (bidrag i antologi), redigert av Ida Roggen og Tonje Tornes, Gyldendal, 2006
- Vi vil ha hund! (biletbok), 2012.
- Det spøker (barnebok), Det Norske Samlaget, 2018
ReferansarEndra
- ↑ ««Ragnfrid Trohaug (23.12.1975)»». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum). Henta 23. mars 2013.
- ↑ ««Guro Sandsdalens litteraturpris 2007 til Ingelin Røssland»». Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (web.archive.org).
BakgrunnsstoffEndra
- Ragnfrid sin blogg
- Digitaliserte bøker av Ragnfrid Trohaug hjå Nasjoanlbiblioteket
- Nordnorsk Forfatterlag om Trohaug Arkivert 2005-03-25 ved Wayback Machine.
- Presentasjon av Ragnfrid Trohaug på nettstaden til Bergen Offentlige Bibliotek Arkivert 2012-10-11 ved Wayback Machine.
- Presentasjon av Ragnfrid Trohaug på nettstaden til Samlaget Arkivert 2013-10-13 ved Wayback Machine.
- Utgjevingar av Ragnfrid Trohaug i BIBSYS Ask[daud lenkje]