Gustav Sjaastad
norsk advokat og politikar
(Omdirigert frå Gustav Adolf Sjaastad)
Gustav Adolf Sjaastad (6. april 1902–7. mai 1964), fødd i Skogn, var ein norsk jurist, politikar for Arbeidarpartiet og fylkesmann.
Gustav Sjaastad | |||
Fødd | 6. april 1902 Skogn | ||
---|---|---|---|
Død | 7. mai 1964 (62 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet, Venstre | ||
Yrke | politikar, advokat, fagforeiningsleiar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Alle verv |
|
Han var statsråd i to departement i to regjeringar:
- Justisdepartementet (justisminister) i Oscar Torp si regjering frå 15. juni 1954 til 22. januar 1955
- Industridepartementet (industriminister) i Einar Gerhardsen si tredje regjering frå 22. januar 1955 til 9. april 1959
Han var stortingsrepresentant for Nord-Trøndelag 1958-61.
Sjaastad var bondeson, blei cand.jur. i 1926, og dreiv eigen advokatpraksis i Namsos 1927-35 og i Oslo 1935-1945, og var deretter advokat i LO 1945-54.
Han var Fylkesmann i Nord-Trøndelag frå 1959 til 1964.
Sjaastad blei arrestert to gongar under den andre verdskrigen. Han sat på Møllergata 19 frå desember 1940 til mai 1941, og igjen frå februar til mai 1944, og så sat han på Grini til freden i mai 1945.
Han blei kommandør av Nordstjerneordenen i 1960.
Kjelder
endre- Gustav Sjaastad hos Stortinget.no
- Sjaastad, Gustav Steinkjerleksikonet
- Nordmenn i fangenskap 1940-1945. 2. utg. Universitetsforlaget, 2004.