Hå gamle prestegard
58°40′1.3116″N 5°33′3.0312″E / 58.667031000°N 5.550842000°E
Hå gamle prestegard er ein tidlegare prestegard, vest for Nærbø i Hå kommune. På 1980-talet vart bygningane restaurert, og dei fekk funksjon som kulturhus. I 1989 vart prestegarden tildelt Fritt Ords honnør for restaurering av eit verdifullt gardstun og for levande kulturarbeid i husa.
Garden ligg heilt ut mot storhavet og er i dag eit kunst- og kultursenter. Her finn ein eit galleri med vekslande kunst- og kulturhistoriske utstillingar. Det er òg kafeteria og sal av kunst.I kjellaren i jærhuset er det utstilt funn av restar etter 8200 år gamal busetting i området. Langs kyststripa er det eit stort strandgravfelt frå folkevandringstida.
Bilete
endre-
Jærhuset
-
Den gamle løa
Bakgrunnsstoff
endre- Hå gamle prestegard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Hå gamle prestegard[daud lenkje] på http://www.ha.no
- Strandgravfeltet nedanfor Hå gamle prestegard Arkivert 2015-12-08 ved Wayback Machine.