Håkon Fimland
Håkon Fimland (fødd 8. mars 1942[1] i Førde, død 25. juli 2016) var ein norsk lærar, friidrettsutøvar og politikar. Han sprang hekkeløp og representerte Tambarskjelvar IL og IL Gular. Han deltok i europameisterskapet i friidrett i 1969 og 1971[2], og nådde semifinalane i 110 meter hekk båe gongar – med personleg rekord i München i 1971 på 14.26 sekund[3]. Ei skade hindra han frå å delta i München-OL i 1972[4]. Etter at Kjellfred Weum la opp i 1971, vart Fimland noregsmeister i 110 meter hekk seks år på rad, mellom 1971 og 1976.
Medaljeoversikt | ||
---|---|---|
Tevla for Norge | ||
Friidrett | ||
Norgesmesterskap | ||
Gull | 1971 Hamar | 110 m hekk |
Gull | 1972 Stavanger | 110 m hekk |
Gull | 1973 Trondheim | 110 m hekk |
Gull | 1974 Hønefoss | 110 m hekk |
Gull | 1975 Bergen | 110 m hekk |
Gull | 1976 Askim | 110 m hekk |
Sølv | 1967 Trondheim | 110 m hekk |
Sølv | 1969 Bergen | 110 m hekk |
Han vart seinare trenar og idrettsleiar, med verv i friidrettsforbundet (styremedlem 1987-1990, nestleiar 1989-1990) og Norsk Kulturråd i siste halvdel av 80-talet. I politikken representerte han Senterpartiet, først i Bergen kommune sitt bystyre og kulturutval, før han vart dagleg leiar for kulturhuset, så kultursjef og seinare kommunalsjef i Førde kommune, der han arbeidde resten av sitt yrkesaktive liv.
For sin innsats for idrett og kultur har han motteke fleire prisar, deriblant Kongens fortenestemedalje i 2009[5] og Førde kommune sin kulturpris i 2015.
Han døydde i 2016.[6]
Referanser
endre- ↑ «Håkon Fimland - Allkunne», www.allkunne.no (på norsk), henta 1. oktober 2019
- ↑ «Håkon Fimland er død», Gular Friidrett (på norsk bokmål), 25. juli 2016, henta 1. oktober 2019[daud lenkje]
- ↑ Lillesvangstu, Rune Fossum (1. januar 2017), «Trente i korridorane», NRK, henta 1. oktober 2019
- ↑ Lillesvangstu, Rune Fossum (1. januar 2017), «Trente i korridorane», NRK, henta 1. oktober 2019
- ↑ «Tildelinger av ordener og medaljer», www.kongehuset.no (på norsk), henta 1. oktober 2019
- ↑ «Håkon Fimland er gått bort», www.firda.no (på norsk), 24. juli 2016, henta 1. oktober 2019