Kjellfred Weum

norsk friidrettsutøvar og politikar

Kjellfred Weum (30. juli 19407. august 2017) frå Hafslo i Luster var ein norsk friidrettsutøvar som spesialiserte seg på hekkeløp. Han vart noregsmeister i 110 meter hekk åtte år på rad, 1963-70, og nummer sju i øvinga under europameisterskapen 1969. Weum, som deltok i 43 landskampar, var medlem av Drammensklubben IF Hellas til 1964, og seinare av IL i BUL frå Oslo.

Kjellfred Weum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juli 1940
Hafslo, Luster kommune
Død

7. august 2017 (77 år)

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968

Utmerkingar

Bislett-medaljen, Kongepokal

Weum arbeidde som politimann og var lensmann i Leikanger i 1979 og i Sogndal 1989-97. Han var politisk aktiv i Senterpartiet og var varaordførar i Luster frå 2003 til -07.

Friidrett endre

Weum vann i Trondheim i 1963 det fyrste av åtte strake norske meisterskap i 110 m hekk. Same året vart han nordisk meister i øvinga. Han tangerte den norske rekorden på 14,2 sekundar i 1964-sesongen og forbetra den med eit tidels sekund på Bislett stadion sommaren 1965.

Etter ei rekke løp der han hadde tangert den norske rekorden, sprang Weum den 9. august 1967 i mål på ny norsk rekord under noregsmeisterskapen på Nadderud stadion. Tida 14,0 gav han også kongepokalen. Tretten dagar seinare forbetra han rekorden til 13,7 sekundar under eit stemne på Bislett stadion og vart tildelt Bislett-medaljen.

Under Sommar-OL 1968 vart Weum nr tre på tida 14,08 i det fjerde av fem heat i forsøket og gjekk til semifinalane. I den andre semifinalen kom han i mål på 14,04 sekundar, men vart nummer seks i feltet og utslått. Tida var norsk rekord til Robert Ekpete i 1984 vart den fyrste nordmann under 14 sekundar med elektronisk tidtaking. Elektronisk tidtaking var svært sjeldan før 1970.

Weum deltok i EM i friidrett 1969 i Athen. Her kjempa han seg fram til finalen, der han var ein av fire løparar som kom i mål på tida 14,1 og vart dømt som nummer sju. Italienaren Eddy Ottoz forsvarte EM-tittelen frå 1966 med den sterke tida 13,5.

Under NM 1970 i Kristiansand sprang Weum inn til sin åttande og siste NM-tittel og la deretter opp.

Plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1963: Gull 14,6 framom Jan Gulbrandsen 15,0
  • 1964: Gull 14,5 framom Jan Gulbrandsen 14,6
  • 1965: Gull 14,4 framom Tor Christiansen 15,1
  • 1966: Gull 14,6 framom Ragnar Moland 14,8
  • 1967: Gull 14,0 framom Håkon Fimland 14,2
  • 1968: Gull 14,2 framom Ragnar Moland 14,6
  • 1969: Gull 14,1 framom Håkon Fimland 14,3
  • 1970: Gull 14,3 framom Arvid Dahm 14,9

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar