Hårmygg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Infraklasse: Neoptera
Orden: Tovenger Diptera
Infraorden: Bibionomorpha
Familie: Hårmygg Bibionidae
Fleming, 1821

Hårmyggar er ei gruppe små til mellomstore myggar som kan likna fluger. Dei stikk ikkje, men kan stundom gjera seg merka gjennom sverming. Det er skildra rundt 650 artar på verdsbasis, 17 av desse er funne i Noreg.

Namnet sitt har dyra fått frå hannane i slekta Bibio, som er dekt med tjukke og kraftige hår. For hoer og artar av andre slekter er ikkje dette like påfallande.

Imagines endre

 
Vengjemønster. Frå Bibio lanigerus

Vaksne hårmyggar er kraftig bygde myggar som liknar fluger. Antennene er korte og består av mellom sju og tolv segment. Bortsett frå i arten Penthetria funebris dekkjer fasettaugo heile oversida av hovudet hjå hannane, delt i ein ryggdel og ein bukdel. På ein liten knott over desse har dei i tillegg tre punktaugo - ocelli. Hjå dei fleste hannar er augo dekt med hår.

Beina er kraftige, med særleg godt utvikla frambein med omdanna leggsegment. Vengjene er meir eller mindre trekanta med eit særeige vengjemønster.

Hårmyggar er aktive i fint vêr om sommaren og er relativt treige dyr.

Larvane endre

Larvane til hårmyggen er beinlause og har kraftige horisontale kjevar. Bortsett frå det første og det nest siste kroppssegmentet har dei para andehòl på alle segment, til saman ti par. Huda er dekt av mikroskopiske skjel og har finger- eller vorteliknande utvokstrar. Hjå dei fleste artane gjer piggar på skjela at huda framstår som ru.

Ein finn larvane helst i opphopa rotnande plantemateriale, oftast like under jordoverflata. Hannmygglarver vert vanlegvis funne i tette klumpar like under jordoverflata.

Artar i Noreg endre

  • Underfamilie Pleciinae
    • Slekt Penethria
      • P. funebris
  • Underfamilie Bibioninae
    • Slekt Dilophus
      • D. febrilis
      • D. humeralis
      • D. femoratus
      • D. borealis
    • Slekt Bibio
      • B. venosus
      • B. leucopterus
      • B. rufipes
      • B. pomonae
      • B. marci
      • B. hortulanes
      • B. longipes
      • B. clavipes
      • B. nigriventris
      • B. fulvicollis
      • B. ferruginatus
      • B. varipes
      • B. lautaretensis
      • B. brunnipes
      • B. siebkei
      • B. johannis
      • B. lanigeris

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hårmygg