Hønefoss kyrkje (1862–2010)

Gamle Hønefoss kyrkje (brann i 2010)

60°10′0″N 10°15′37″E / 60.16667°N 10.26028°E / 60.16667; 10.26028

Hønefoss kyrkje
kyrkje
Foto: Tom Bjørnstad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Ringerike
Sokn Hønefoss
Fellesråd Ringerike
Type langkyrkje
Arkitekt Christian Heinrich Grosch/Arnstein Arneberg (1952)
Teknikk lafta
Material furu
Innvigd 10. desember i 1862.
 - Endringar brann ned 2010
Kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar ca. 350
Kart
Hønefoss kyrkje (1862–2010)
60°10′00″N 10°15′36″E / 60.166667°N 10.26°E / 60.166667; 10.26
Wikimedia Commons: Hønefoss kirke (1862–2010)

Hønefoss kyrkje var ei langkyrkje frå 1862 i Ringerike kommune, Viken. Kyrkja brann ned til grunnen 26. januar 2010.

Kyrkjetomta ligg midt i Hønefoss, som er kommunesentrum i Ringerike kommune. Kyrkja er prostesete i Ringerike prosti og har eigen gravlund, gravkapell, krematorium og eit moderne forsamlingslokale kalla «Kirkestua».

Bygningshistorie endre

 
Eldre bilete frå perioden kyrkja var kvitmåla
Foto: kirkenorge.no

Da Hønefoss fekk bystatus i 1852, vart det viktig å arbeide for at byen skulle få si eiga kyrkje. Til å begynne med var det ein viss debatt om ein skulle ha ei kyrkje av stein eller tre, men av økonomiske grunnar valde ein ei trekyrkje. I 1858 vart den kjende kyrkjearkitekten Christian Heinrich Grosch engasjert til å teikne kyrkja, som han gjorde i første delen av 1859. Kyrkja vart vigsla 10. desember 1862. Eit nytt kapell til kyrkja vart vigsla 21. juli 1894.

Kyrkja vart ombygd i åra 1950-1952. I mange år var ho kvitmåla, som er den vanlegaste kyrkjefargen i Noreg, men i 1998 vart ho måla i dei opphavlege fargane att.

Brann endre

To år før det planlagde 150-årsjubileet til Hønefoss kyrkje, den 26. januar 2010, oppstod det brann i kyrkja.[1] Frå brannen blei varsla gjekk det ti minutt til bygningen var overtent. Kyrkja brann ned til grunnen.[2] Berre døypefatet og noko av kyrkjesølvet vart redda frå kyrkja. Årsaka til brannen var feil på det tekniske anlegget.[3]

Ei ny kyrkje stod ferdig i 2017 og vart vigsla 10. desember.[4]

Konstruksjon endre

Kyrkja var bygd som ei einskipa langkyrkje av tre med saltak. Skipet hadde vesttårn og kor i same breidde som skipet. I vesttårnet hang det to kyrkjeklokker, begge støypte av A. O. Holte på Toten. Skipet hadde dessutan vestportal og ein utradisjonell nordportal.[5]

Interiør endre

Kyrkja fekk orgel frå ho var ny. Dette vart bygd av orgelbyggjar A. Gomnæs. Gomnæsorgelet vart skifta ut med eit nytt orgel frå J. H. Jørgensen i 1889. Det nye orgelet hadde 10 stemmer og 459 piper. I 1940 vart orgelet igjen bytt ut med eit nytt, som hadde 22 stemmer og 1359 piper. Dette orgelet vart restaurert i 1998.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Hønefoss kirke har brent ned, nrk.no (26.01.2010)
  2. TV 2 Nyhetene: Hønefoss kirke brant til grunnen
  3. Karstensen, Heidi Elisabeth Odde (26. januar 2015), «Fem år siden brannen i Hønefoss kirke», NRK (på norsk bokmål), henta 27. oktober 2022 
  4. «Hønefoss nye kirke vigslet 10. desember», Den norske kirke (på norsk bokmål), henta 27. oktober 2022 
  5. Andreas Gjerdi, «Ringerikes kirker», 1973

Bakgrunnsstoff endre