Ha'il (arabisk حائل, Ḥā'il), òg skrive Hail, Ha'yel eller Hayil, er ein by nordvest i Saudi-Arabia. Han er hovudstaden i Ha'il-provinsen. Byen har 356 876 innbyggjarar.

Ha'il
حائل
by
Qishlahpalasset i Ha'il
Land  Saudi-Arabia
Provins Ha'il
Høgd 992 moh.
Koordinatar 27°31′N 41°41′E / 27.517°N 41.683°E / 27.517; 41.683
Folketal 310 897  (2010)
Borgarmeister Saud bin Abdul Muhsin Al Saud
Retningsnummer (+966) 16
Kart
Ha'il
27°31′00″N 41°41′00″E / 27.516666666667°N 41.683333333333°E / 27.516666666667; 41.683333333333
Wikimedia Commons: Ha'il

Ha'il er stort sett ein jordbruksprovins med store avlingar av korn, dadlar og frukt. Ein stor del av kornproduksjonen i landet kjem frå Ha'il-provinsen. Tidlegare nytte Ha'il godt av kamelkaravanane i samband med hajj. Ha'il er i den arabiske verda kjend som staden der Hatim al-Tai budde. Det er òg heimstaden til Al Rashid-familien, dei historiske rivalane til Al-Saud-familien.[1]

Historie endre

Ha'il var sentrum i Ha'il-emiratet, ei Shammar-stamme, frå 1836 til 1921. Den første emiren, Abdullah bin Rashid, tok makta med broren emir Obaid og sønene til Jabbr. Abdullah bin Rashid fortsette bygginga av Barzan-palasset i Ha'il, som vart starta av Mohammad Ibn Ali. Då Abdullah bin Rashid døydde (i 1847 eller 1848) gjorde sonen og etterfølgjaren, Talal (eller Telal), ferdig palasset.

Under Al Rashid-tida vitja mange utlendingar Ha'il og Rashid-emirane, og skildra inntrykka sine i forskjellige artiklar og bøker, mellom andre Georg August Wallin (1854), William Gifford Palgrave (1865), Lady Anne Blunt (1881), Charles Montagu Doughty (1888) og Gertrude Bell (1914).

Al Rashid-emirane var relativt tolerante mot utlendingar, mellom anna kjøpmenn i Ha'il:

« Mange av kjøpmennene var sjiamuslimar, hata av somme sunnimuslimar, og hata dobbelt så mykje av wahabistane. Men Telal let ikkje religiøse skilnader påverke forholda deira, og stoppa alle som meinte noko anna med å gje dei spesielle fordelar.[2] »
 
Ustrekkinga til Al Rashid-styret.

Opninga av Hejazbanen mellom Damaskus og Medina, i lag med nye, billige dampskipruter til Jidda, førte til færre tradisjonelle kamelkaravanar og dårlegare økonomi i Ha'il.[3]

Den siste Al Rashid-emiren vart fjerna frå makta av Ibn Saud av Saudi-Arabia i 1921. Ibn Saud gav så ordre om å øydeleggje Barzanpalasset og gav leiarane til Al Rashid og Al Sabhan ordre om å flytte frå Ha'il til Riyadh, og han tildelte ein person frå kvar av desse familiane den midlertidige stilligna som emir «prins Ibraheem bin Salem Al Sabhan» for å sikre lojaliteten til folket i Ha'il og Shammar.

Etter dette hamna Ha'il i rask nedgang.

Geografi endre

  • As Samra-fjellet eller Samra ligg oppom byen. Det var her Hatim al-Tai tende eld på toppen for å ta i mot gjester. I dag går det ein asfaltert veg opp til toppen, der det naturgass sørgjer for at det alltid brenn ein eld. Det ligg ein park med ein innsjø ved foten av fjellet, og i fjellsida ligg emblemet til Saudi-Arabia, daddelpalmar og kryssa svert laga av elektriske lys som lyser i mørkret. Frå toppen av fjellet har ein utsyn over byen.
  • Aja (Jebel Aja) er eit fjell på andre sida av Ha'il frå As-Samra. Her ligg eit stort saudiarabisk flagg laga av elektrisk lys.
  • Adayradalen går omtrent frå nord til sør og deler den sentrale delen av Ha'il i to.

Klima endre

Hail har eit kontinentalt ørkenklima med varme somrar og kjølige vintrar. Det er noko mildare klima enn i andre saudiarbiske byar på grunn av høgda.

Vêrdata for Hail i Saudi-Arabia
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 27 29 34 37 42 44 44 45 42 38 31 28 45
Gjennomsnittleg maks °C 17 19 24 30 35 38 38 38 37 32 24 18 29
Gjennomsnittleg min °C 3 5 9 14 19 22 23 22 16 12 10 5 13
Lågast målte °C −10 −7 −4 0 10 16 17 16 14 5 0 −6 −10
Gjennomsnittleg nedbør mm 17,8 19,1 12,4 10,6 5,5 0 0 0 5,4 8,9 12,6 8,3 100,6
Kjelde: Weather Reports


Kjelder endre

  1. Hail - Lonely Planet, arkivert frå originalen 26. oktober 2014, henta 8. mars 2016 
  2. William Gifford Palgrave, 1865.
  3. Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 104. 

Bakgrunnsstoff endre