Habiba Ghribi
Habiba Ghribi (fødd 9. april 1984) er ein tunisisk tidlegare friidrettsutøvar som særleg utmerkte seg i 3 000 meter hinder. Ho vart i 2012 den fyrste kvinna frå Tunisia som vann ein olympisk medalje. Ghribi vart i 2016 kåra til verdsmeister 2011 og olympisk meister 2012 i 3000 meter hinder.
Habiba Ghribi | |
Statsborgarskap | Tunisia |
Fødd | 9. april 1984 (40 år) Kairouan |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Aktiv
endreGhribi høyrde til verdstoppen i hinderløping for kvinner frå 2009 til –15. Både i VM 2011 og OL 2012 kom ho i mål som nummer to på 3 000 meter hinder, begge gongane slått av Julija Zaripova. I 2016 vart Zaripova sine prestasjonar under dei to meisterskapane annullert av Det internasjonale friidrettsforbundet.
Sommaren 2015 kom Ghribi på ny på andreplass i VM på 3 000 m hinder. Den 11. september same året vann ho eit storstemne i Brussel på topptida 9.05,3, einast tre utøvarar hadde sprunge fortare i øvinga.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 2005 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa (9.51,4=nr 21)
- OL 2008 i Beijing: Nr 13 – 9.25,5
- VM 2009 i Berlin: Nr 6 – 9.12,5
- VM 2011 i Daegu: Opphavleg sølvmedalje – 9.11,9, frå 2016 gullmedalje
- OL 2012 i London: Opphavleg sølvmedalje – 9.08,3, frå 2016 gullmedalje
- VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 9.19,2, bakom Hyvin Jepkemoi (9.19,1)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Habiba Ghribi» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juli 2020.