Opna hovudmenyen
Alchemy: Dire Straits Live
Konsertalbum av Dire Straits
Utgjeve 14. mars 1984
Innspelt Hammersmith Odeon i London, 22–23. juli 1983
Sjanger Roots rock, bluesrock, progressiv rock
Lengd 93:59
Selskap Vertigo, Warner Bros. (USA)
Produsent Mark Knopfler
Dire Straits-kronologi
ExtendedancEPlay
(1983)
Alchemy: Dire Straits Live Brothers in Arms
(1985)


Alchemy: Dire Straits Live er eit dobbelt konsertalbum og det første konsertalbumet til det britiske rockebandet Dire Straits, gjeve ut 14. mars 1984 på Vertigo Records internasjonalt og av Warner Bros. Records i USA. Albumet vart innspelt i Hammersmith Odeon i London den 22–23. juli 1983, og inneheld nokre av dei mest kjende songane frå dei fire første albuma deira, EPen ExtendedancEPlay og filmmusikkalbumet Local Hero (komponert av Mark Knopfler). Mange av songane var omarrangert eller forlenga med improvisasjonar. Plateomslaget er henta frå eit måleri av Brett Whiteley. Alchemy: Dire Straits Live vart nymastra og gjeve ut på ny den 8. mai 2001.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]

InnspelingEndra

Alchemy: Dire Straits Live vart spelt inn ved Hammersmith Odeon i London 22–23. juli 1983, dei to siste konsertane på den åtte månader lange Love Over Gold-turneen deira. Opptaka vart gjort av Mick McKenna ved hjelp av Rolling Stones Mobile. Nigel Walker var lydteknikar. Innspelinga vart miksa av AIR Studios i London i november 1983.[2]

«Tunnel of Love» starta med ein nesten fire minuttar langs jam med element frå songen, etterfølgd av den korte «Carousel Waltz» og resten av songen.

PlatemeldingarEndra

William Ruhlmann skreiv på AllMusic om albumet at «musikken er langsam og stemningsskapande med den mumlande vokalen til Mark Knopfler, akkompagnert av fingerplukkinga hans på det som høyres ut som ein forsterka spansk gitar, og ropa frå publikum. Publikum jublar vilt og klappar og syng med, som om kvar song var ein livleg rockelåt».[3]

InnhaldEndra

LPEndra

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Once Upon a Time in the West»   13:01
2. «Romeo and Juliet»   8:22
Side to
# Tittel Lengd
1. «Expresso Love»   5:41
2. «Private Investigations»   7:40
3. «Sultans of Swing»   10:48
Side tre
# Tittel Lengd
1. «Two Young Lovers»   4:51
2. «Tunnel of Love» (utdrag frå «The Carousel Waltz» av Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II) 14:38
Side fire
# Tittel Lengd
1. «Telegraph Road»   13:19
2. «Solid Rock»   5:32
3. «Going Home – Theme from 'Local Hero»   4:58

CDEndra

«Love over Gold», som vart gjeven ut som ein eigen singel i 1984, vart lagt til albumet for CD-utgåva, og uttoninga mellom side ein og to, og side tre og fire er fjerna. Fleire spor var lengre på CD-utgåva, og rekkefølgja er noko annleis: «Romeo and Juliet» og «Expresso Love» har byta plass.

Plate ein
# Tittel Lengd
1. «Once Upon a Time in the West»   13:01
2. «Expresso Love»   5:45
3. «Romeo and Juliet»   8:17
4. «Love Over Gold»   3:27
5. «Private Investigations»   7:34
6. «Sultans of Swing»   10:54
Plate to
# Tittel Lengd
1. «Two Young Lovers»   4:49
2. «Tunnel of Love» (Extract from «The Carousel Waltz» by Richard Rodgers and Oscar Hammerstein II) 14:29
3. «Telegraph Road»   13:37
4. «Solid Rock»   6:01
5. «Going Home – Theme from 'Local Hero'»   6:05

Tre andre songar vart spelt inn òg, men finst ikkje på den offisielle utgåva: «Industrial Disease», «Twisting by the Pool» og «Portobello Belle», med ei forkorta utgåve av den siste songen på samleplata Money for Nothing, som kom i 1988.

MedverkandeEndra

Dire Straits
Andre musikarar
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent
  • Mick McKenna – innspelingsteknikar
  • Nigel Walker – lydteknikar
  • Jeremy Allom – assisterande lydteknikar
  • Brett Whiteley – måleri
  • C More Tone Studios – plateomslag

VideoutgåveEndra

Konsertfilmen vart opphavleg gjeven ut på Beta, VHS og Laserdisc, og digitalt mastra i 1995. Ein DVD og Blu-ray Disc-versjon med nymiksa 5.1 DTS-kringlyd kom ut i mai 2010. Songen «Love over Gold» er ikkje med på videoen, men er på DVDen og Blue-ray-utgåva, men finst på samleplata Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits.

ListerEndra

AlbumEndra

Liste (1984) Plassering
Austerrike[4] 9
Canadian RPM Album Chart[5] 26
Nederland[6] 1
Tyskland[7] 8
New Zealand[8] 3
Noreg[9] 7
Sverige[10] 19
Sveits[11] 3
UK Album Chart[12] 3
US Billboard 200[13] 46

SalstroféEndra

AlbumEndra

Region Salstrofé Salstal

Canada (Music Canada)[14]

Gull 50 000^

Frankrike (SNEP)[15]

Gull 100 000*

Tyskland (BVMI)[16]

Gull 250 000^

Storbritannia (BPI)[17]

Platina 300 000^

USA (RIAA)[18]

Gull 250 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine

VideoEndra

Region Salstrofé Salstal

Australia (ARIA)[19]

Gull 17 500^

Portugal (AFP)[20]

Gull 4 000x

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Ruhlmann, William. «Alchemy: Dire Straits Live – Dire Straits». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 20. oktober 2014. 
  2. Alchemy: Dire Straits Live (booklet). Dire Straits. Burbank, California: Warner Bros. Records. 1984. s. 12. 925085-2. 
  3. http://www.allmusic.com/album/alchemy-dire-straits-live-mw0000189678
  4. «Dire Straits – Alchemy – Dire Straits Live». Austriancharts.at (på tysk). Hung Medien. Henta 6 March 2013. 
  5. «100 Album». RPM 40 (11): 8. 19 May 1984. ISSN 0033-7064. Henta 6 March 2013. 
  6. «Dire Straits – Alchemy – Dire Straits Live». GfK Dutch Charts (på nederlandsk). Hung Medien. Henta 6 March 2013. 
  7. «Top 100 Longplay». Charts.de (på tysk). Media Control. Henta 6 March 2013. 
  8. «Dire Straits – Alchemy – Dire Straits Live». Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 6 March 2013. 
  9. «Dire Straits – Alchemy – Dire Straits Live». Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 6 March 2013. 
  10. «Dire Straits – Alchemy – Dire Straits Live». Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 6 March 2013. 
  11. «Dire Straits – Alchemy – Dire Straits Live». Hitparade.ch (på tysk). Hung Medien. Henta 6 March 2013. 
  12. «1984-03-24 Top 40 Official UK Album Archive | Official Charts». Official Charts Company. Henta 6 March 2013. 
  13. «Alchemy: Dire Straits Live – Dire Straits: Awards». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 6 March 2013. 
  14. «Canadian album salstrofé – Dire Straits – Alchemy». Music Canada. Henta 6 March 2013. 
  15. «French album salstrofé – DIRESTRAITS – Alchemy: Dire Straits Live» (på fransk). InfoDisc. Henta 6 March 2013.  Select DIRESTRAITS and click OK
  16. «Gold-/Platin-Datenbank (Dire Straits; 'Alchemy')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 6 March 2013. 
  17. «British album salstrofé – Dire Straits – Alchemy». British Phonographic Industry. Henta 6 March 2013.  Enter Alchemy in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  18. «American album salstrofé – Dire Straits – Alchemy». Recording Industry Association of America. Henta 6 March 2013.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  19. «ARIA Top 40 Music DVD» (PDF). The ARIA Report (1056): 23. 24 May 2010. Henta 7 March 2013. 
  20. «Top Oficial AFP». Artistas & Espectáculos (på Portuguese). Associação Fonográfica Portuguesa. Arkivert frå originalen 15. juli 2010. Henta 7 March 2013. 

BakgrunnsstoffEndra