Blåpetrell
Blåpetrell, Halobaena caerulea, er ein liten petrell i stormfuglfamilien som lever pelagisk, sirkumpolart i Sørishavet, nær Antarktis. Blåpetrell er monotypisk i slekta Halobaena, og er ofte sett på som nærskyld kvalfuglar som dei liknar mykje.
Blåpetrell | |
Blåpetrell under ringmerking Foto: Bruno Navez
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Blåpetrell | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormfuglfamilien Procellariidae |
Slekt: | Halobaena |
Art: | Blåpetrell H. caerulea |
Vitskapleg namn | |
Halobaena caerulea |
Blåpetrellen har blågrå overside samt lys eller kvit underside. I flukt er ein mørk 'M'-forma figur over venger og rygg synleg, typisk for kvalfuglar. Til forskjell frå kvalfuglar har blåpetrell eit smalt, kvitt haleband, og nebbet er kort. Han er litt større enn kvalfuglane, ca. 29 cm i kroppslengd og 200 gram i masse.[1]
Dei plukkar føda frå havoverflata, først og fremst krepsdyr, blekksprut og småfisk. Dei kan følgje skip og samle seg ved kvalar som beitar.[1]
Blåpetrellar hekkar på sub-antarktiske øyar i Indiahavet, Macquarie-øya (Australia) og Sør-Georgia.[2] Utanom hekkesesongen spreier dei seg i Sørishavet, mellom pakkisen og ca. 40° S.[1]
Verdspopulasjonen var estimert til minst 3 millionar individ i 2004, og er stabil.[2]
Kjelder
endre- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (rev. utg.), Viking, 2005
- BirdLife International (2012) Species factsheet: Halobaena caerulea Arkivert 2012-10-13 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. juni 2012.
Referansar
endreBakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av blåpetrellar hos Internet Bird Collection