Haltdalen nye stavkyrkje
Haltdalen nye stavkyrkje står i Haltdalen i Holtålen kommune i Trøndelag fylke og er ei einskipa langkyrkje frå 2004.[2]
Haltdalen nye stavkyrkje | |||
kyrkje | |||
Haltdalen nye stavkyrkje
Foto: PerPlex | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Holtålen | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Gauldal | ||
Sokn | Haltdalen | ||
Fellesråd | Holtålen | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Jonas Gill Haanshuus | ||
Teknikk | Stavverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 29. august 2004[1] | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Diverse | Eigd av stiftinga Haltdalen stavkirke og Gammelgården | ||
Wikimedia Commons: Haltdalen stave church, Holtålen |
Ho er ein kopi av Haltdalen stavkyrkje frå siste halvdelen av 1100-talet.[3] Kyrkja er eigd av stiftinga Haltdalen stavkirke og Gammelgården.[1]
Gamlekyrkja vart riven og flytt til museum i Trondheim etter at Haltdalen kyrkje stod ferdig i 1881.[4] Originalen står no på Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim. Haltdalen Historielag bad i 1986 om at Haltdalen stavkyrkje skulle flyttast attende til Haltdalen, men Trøndelag Folkemusem sette seg mot.[1] Fylkeskonservator Jonas Gill Haanshuus foreslo i staden at det skulle byggjast ein kopi av stavkyrkja i Haltdalen, og i 1997 la han fram teikningar til ei slik kyrkje.[1] På teikningane var det teke med svalgangar slik den gamle kyrkja opphavleg hadde. Stiftinga Haltdalen stavkirke og Gammelgården vart skipa med det mål å verkeleggjere planane.[1] Vyrke til bygget vart henta i statsalmenningane i Haltdalen.[1] Som i mellomalderen var det malmfuru som vart vald ut, og dei eldste trea som vart tekne ut var over 300 år gamle.[1] Verksemda Ålen Laft bygde kyrkja og Arne Bergan leidde arbeidet.[1] Det vart lagd vinn på at bygginga skulle skje likast råd slik gamlekyrkja var bygd; reiskapar og teknikkar skulle vere som dei hadde vore på 1100-talet.[1]
Kyrkja vart vigsla av Nidaros-bispen 29. august 2004.[1]
Også stavkyrkja som vart gjeven i gåve frå Noreg til Island ved det islandske tusenårsjubileet for kristninga i 2000 er ein kopi av Haltdalen stavkyrkje. Ho står på Heimaey på Island.[5]
Referansar
endre- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 «Haltdalen nye stavkirke» på nettstaden til Stiftelsen Haltdalen stavkirke og Gammelgården
- ↑ «Haltdalen stavkirke» på nettstaden til Holtålen kommune, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 10. juni 2009
- ↑ Jørgen Jensenius: «Haltdalen stavkirke» på nettstaden stavkirke.org, arkivert frå originalen 8. juni 2009, henta 10. juni 2009
- ↑ «Haltdalen stavkirke» på nettstaden til Trøndelag Folkemuseum
- ↑ «En stavkirke til Island - ny bok fra NIKU» på nettstaden til Norsk institutt for kuturstudier, arkivert frå originalen 24. juli 2011, henta 10. juni 2009