Haltdalen stavkyrkje

63°25′4.4″N 10°21′18.5″E / 63.417889°N 10.355139°E / 63.417889; 10.355139

Haltdalen stavkyrkje
kyrkje
Kyrkja frå nord.
Foto: Pat Hayes
Type langkyrkje
Teknikk stavverk
Material tre
Innvigd  
 - Endringar Riven og oppattbygd minst fire gonger[1]
Portal Tre stykke[1]
Kor 3,4 x 2,9 m.[1]
Skip 5,8 x 4,8 m.[1]
Preikestol Har ikkje[1]
Døypefont Har ikkje[1]
Altartavle Har ikkje[1]
Kart
Haltdalen stavkyrkje
63°25′04″N 10°21′19″E / 63.41790061°N 10.35513997°E / 63.41790061; 10.35513997
Wikimedia Commons: Haltdalen stave church, Trondheim

Haltdalen stavkyrkje, tidlegare òg kalla Haltålen stavkyrkje, står på frilutfsområdet til Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim i Trøndelag fylke. Ho er ei enkel, vel ni meter lang, einskipa stavkyrkje med rektangulært skip og kor, begge med bratte, spontekte saltak. Koret er noko lågare enn skipet. Hjørnestavane har store flattrykte kuler nedst, noko ein ikkje kjenner frå andre stavkyrkjer.[1]

Hjørnestav med flattrykt kule nede.
Foto: Cato Edvardsen

Kyrkja var soknekyrkje i Haltdalen i noverande Holtålen kommune fram til 1881.[1] Etter at ho gjekk or bruk vart ho flytt til Vitenskapsmuseet i Trondheim, der ho vart reist på slutten av 1880-åra.[1] Ved rekonstrueringa vart det også brukt delar av stavkyrkja frå Ålen[1], nabobygda til Haltdalen. I 1937 vart ho flytt til Sverresborg, der ho vart teken nedatt i 1940 grunna verdskrigen, og sett oppatt på slutten av 1940-åra.[1] Kyrkja skal også ha vorte flytt nokre hundre meter i 1704.[1] All flyttinga og endringane gjer henne vanskeleg å datere, men på grunnlag av nokre årringsdateringar og vurdering av stilelement og konstuksjon vert delar av kyrkja datert til siste halvdelen av 1100-talet.[2]

Kopiar av kyrkja endre

 
Haltdalen nye stavkyrkje frå 2004 står i Haltdalen og vart så langt det lot seg gjere bygd slik dei bygde i mellomalderen. Ho står ved den gamle kyrkjestaden.
Foto: PerPlex
 
Teiking av konstruksjonen i skipet.
Teiking: Håkon Christie

Det er laga fleire kopiar av stavkyrkja seinare år. Ei vart gjeven som gåve frå Noreg til Island ved det islandske tusenårsjubileet for kristninga i 2000. Ho står på Heimaey. Ei anna heiter Haltdalen nye stavkyrkje og står mellom den gamle kyrkjegarden og nykyrkja i Haltdalen i Holtålen kommune. Ho vart vigsla 29. august 2004.[3] Begge desse kyrkjene har svalgang, noko det er tydlege spor att av på originalen, og dei gjev truleg eit godt inntrykk av korleis kyrkja såg ut i mellomalderen. Ein tredje versjon står på Hølonda i Melhus kommune og heiter Kolbrandstad stavkyrkje.[4] Ho vart bygd i 1999 og er utan svalgangar. I tillegg er det planar om å bygge ein kopi på Hindrem i Leksvik kommune.[4] Haltdalstavkyrkja gav også inspirasjon til bygginga av Holzstabkirche St. Nikolai. Ho vart bygd av born og ungdommar på Bauspielplatz Roter Hahn i Lübeck i Tyskland i 2007.[5][6]

Interiør og inventar endre

Kyrkja har alter, men elles er ho ribba for inventar. Det er merkje i veggene etter galleri og vindaugsopningar, og det er restar etter dekormåling frå 1600-talet på veggene.

Portalar endre

Kyrkja har tre portalar. Alle er enkle med lite eller ingen skurd. Vestportalen kjem frå Ålen stavkyrkje. Dei to andre portalane er på sørsida, ein i koret og ein i skipet.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre