Opna hovudmenyen

Halvor Andreas Bentsen (23. oktober 182531. august 1891) var gardbrukar, sakførar og postmeister frå Kragerø. Han var stortingsmann i mange år.

Halvor Bentsen
Fødd23. oktober 1825
Kragerø kommune
Død31. august 1891
Porsgrunn
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkejurist, redaktør, politikar

Bentsen var son til ein skipper og losoldermann. I unge år var han med faren på ei sjøreise, sidan faren slutta sjøen budde han ei fem år på faren sin gard i Sannidal. Der arbeidde han som sekretær for faren, til han i 1843 byrja på kontoret til sorenskrivaren i Nedre Telemark. I 1848 vart han eksaminert til jurist. Grunna sjukdom gav han opp å lese til artium, dreiv då farsgarden fram til 1856. Tida 1856-60 var han sakførar ved underretten, sidan ved overretten i Kragerø. Frå 1885 var han postmeister i Porsgrunn.

Bentsen var ordførar i Kragerø i fleire år, medlem av heradsstyret 1860-79. Deretter flytta han til Skåtøy og var med i heradsstyret der.

Bentsen representerte Kragerø på Stortinget 1865-66, 1868-69 og 1871-73. Frå 1880 til -85 var han 1. representant frå Bratsberg amt. Han var i 1865-66 medlem av gasje- og pensjonskomiteen, medan han 1868-69 og 1871-73 var medlem av kyrkjekomiteen. Elles var han sekretær 1868-69 i Odelstinget, og 1871-73 det same i Stortinget. Perioden 1871-73 var han med i valkomiteen, og i 1873 medlem av delegasjonen Stortinget sende til Trondheim og kroninga av den nye kongen. Åra frå 1880 til -85 var han president i Odelstinget, og han var som tidlegare medlem av valkomiteen. Han var formann i konstitusjonskomiteen 1880-84 og i gasjekomiteen i 1885. 1883 var han med i traktatkomiteen. 1883-84 var han ein av aktorane i riksretten mot Selmer-ministeriet. Han var medlem av Venstre frå det vart stifta.

År 1884 var han formann i den kongelege kommisjonen om navigasjonslova.

Bentsen døydde i Porsgrunn i 1891.

KjelderEndra