Opna hovudmenyen

Halvor Jacobsen (fødd 11. juni 1849) var ein landhandlar, gardbrukar og stortingsmann frå Brandbu i Oppland. Han var medlem av partiet Venstre.

Halvor Jacobsen
Fødd11. juni 1849
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Jacobsen var son til ein gardbrukar på Trulserud i Brandbu. Åra 1863-65 gjekk han Gran høgare allmennskule. Frå 1878 til 1891 dreiv han landhandel i heimbygda. Han kjøpte i 1886 garden Svennsbakken i Brandbu og dreiv denne sidan. På garden dreiv han eit mylnebruk og eit frørenseri.

Jacobsen var medlem av heradsstyret i Gran frå 1887, der han var både varaordførar ei tid og formann i skulestyret. Då Brandbu vart utskilt som eige herad frå Gran, vart han ordførar i kommunen. Han var òg medlem av representantskapet i Noregs Bank.

Tida 1895-1906 representerte han Kristians amt og Venstre på Stortinget. Perioden 1906-09, då det var einmannskrinsar ved stortingsvalet, representerte han krinsen Hadeland og Land. Jacobsen var heile stortingstida medlem av næringskomité nr 2, frå 1903 som sekretær og frå 1908 som nestformann i komiteen. Han var sekretær i Odelstinget 1900-03 og varasekretær i same 1908-09.

KjelderEndra