Halvor Løvold

norsk politikar

Halvor Løvold (14. mai 187520. oktober 1950) var ein norsk marineoffiser, næringslivsleiar og politikar frå Øyestad i Aust-Agder som representerte partiet HøgreStortinget periodane 1916-18 og 1931-33.

Halvor Løvold
Halvor Løvold.jpg
Fødd14. mai 1875
Øyestad
Død20. oktober 1950 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar

Løvold var son til ein kjøpmann. Sjølv gjekk han inn i marinen og var frå 1896 sjøoffiser, fremja til premierløytnant 1899 og kaptein 1904. I 1907 fekk han sjefsstillinga i Arendal Dampskibsselskab, ein direktørjobb han hadde til sommaren 1945. Hausten 1915 vart Løvold vald til å representere einmannskrinsen Arendal og Grimstad på stortinget 1916-18, der han var medlem i Vegkomiteen. Tolv år seinare vart han på ny vald til tingmann, då frå dei seks kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder, atter var han medlem i Veg- og jarnbanekomiteen. Tida 1922-34 var han medlem i Arendal bystyre, ordførar i 1925.

KjelderEndra