Sørrollnes

Sørrollnes (nordsamisk Orjješ Rállegeahči) er ei bygd i Ibestad kommune i Troms og Finnmark. Staden ligg på sørvestspissen av øya Rolla. Sørrollnes har ferjesamband vestover til Harstad (Stangnes) (riksveg 848, 40 minutt). Riksvegen fortset austover til kommunesenteret Hamnvik.

Sørrollnes
stad
Sørrollnes in Ibestad 2010.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Ibestad
Postnummer 9450 Hamnvik
Preposisjon Sørrollnes

Sørrollnes
68°43′42″ N 16°50′22″ E

Vegen mellom Sørrollnes og Hamnvik vart bygd på slutten av 1950-talet. Ferjesambandet til Harstad har vore i drift sidan 1964. Det vart opna ny ferjekai på Sørrollnes i 2006.

På Sørrollnes ligg Sørrollnes kapell frå 1976. På Sørrollnes er det også gravhaugar og hustufter frå eldre jarnalder. Det går tursti frå snuplassen på Sørrollnes til Foldnes lenger nord på Rolla.

Sørrollnes høyrde opphavleg til Trondenes kommune. I 1926 vart staden ein del av Skånland kommune. Sidan 1964 har Sørrollnes og heile Rolla høyrd til Ibestad kommune.

KjelderEndra

Denne artikkelen byggjer på «Sørrollnes» henta frå Wikipedia på bokmål 6. april 2008. Bokmålsartikkelen oppgav desse kjeldene:

BakgrunnsstoffEndra