Handball-NM 1996/97 for kvinner
Noregsmeisterskapen i handball 1996/97 for kvinner vart vunne av Bækkelagets Sportsklub etter finalesiger 27 – 26 over Larvik Håndballklubb.
Semifinalane
endre- Byåsen IL – Bækkelaget SK 16 – 19 og 22 – 25 (38–44)
- Larvik HK – Stabæk IF 31 – 21 og 24 – 14 (55–35)
Finalen
endreFinalen vart avvikla i Oslo Spektrum sundag 23. februar 1997 framfor 7 291 tilskodarar. Bækkelaget var det førande laget i den fyrste omgangen og leia 15 – 14 ved pause. I den andre omgangen hadde Larvik føringa til to minutt stod att. Då utlikna Bækkelaget. 25 sekund før fløyta lydde, vart Anja Andersen matchvinnar for oslolaget med di ho gjorde sitt tolvte mål og fastsette sluttresultatet til 27 – 26.
For Bækkelaget netta Anja Andersen 12 gongar. Kjersti Grini skåra 5 mål, Camilla Andersen (4), Susann Goksør og Hege K. Kvitsand (2, begge), Sahra Hausmann og Siv Heim Sæbøe (1, begge). Heidi Tjugum var målvakt.
Larvik-måla kom frå Annette Tveter (8), Lina Olsson (6), Kristine Duvholt (4), Lene Lillevik (3), Tonje Larsen (2), Kristine Moldestad (2), Vibeke Nesse (1).
Dommarane Bjørn Erik Børresen og Øyvind Togstad straffa Bækkelaget med tre 2-minuttutvisingar og raudt kort, Larvik fekk to 2-minuttsutvisingar.