Hanne Bjurstrøm
norsk politikar
Hanne Inger Bjurstrøm (fødd 20. september 1960 i Oslo) er ein norsk jurist og tidlegare politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var arbeidsminister frå 2009 til 2012 i regjeringa Stoltenberg II.
Hanne Bjurstrøm | |
Hanne Bjurstrøm i 2009
Foto: Arbeidsdepartementet | |
Fødd | 20. september 1960 |
---|---|
Parti | Arbeidarpartiet |
Bjurstrøm er likestillings- og diskrimineringsombod frå 2016.
Bjurstrøm har vore dommar, konsernadvokat i Aker RGI og nestleiar i Arbeidsretten, og har også arbeidd i Europarådet, hos Regjeringsadvokaten og i Justisdepartementet. Ho kom til arbeidsminister-stillinga frå ei stilling som spesialrådgjevar i Miljøverndepartementet og Noreg sin forhandlingsleiar i dei internasjonale klimaforhandlingane.[1]