Hanover Parish
Hanover Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg nordvest på øya. Det grensar til Saint James i aust og Westmoreland i sør, og har kyst mot Det karibiske havet i nord og vest. Fylket er det nest minste i landet (etter Kingston Parish) med eit areal på 450 km². Det hadde om lag 71 000 innbyggjarar ved folketeljinga i 2014.
Hanover | |||
fylke | |||
Land | Jamaica | ||
---|---|---|---|
Region | Cornwall | ||
Hovudstad | Lucea | ||
Areal | 430 km² | ||
Folketal | 70 922 (2014)[1] | ||
Hanover Parish 18°25′01″N 78°07′59″W / 18.417°N 78.133°W | |||
Kart som viser Hanover Parish.
| |||
Wikimedia Commons: Hanover Parish |
Administrasjonssenteret i Hanover Parish er byen Lucea. Byen har ei god naturleg hamn som kan ta imot store skip.[2] Ei mindre hamn er Green Island.
Fylket er fjellrikt og inneheld fleire små elvar. Det høgaste punktet er Dolphin's Head, som også er eit tradisjonelt landemerke for skip.[2]
I Hanover Parish blir det mellom anna dyrka banan, ingefær, jams, maranta (arrowroot) og sukkerrøyr, med tilhøyrande romproduksjon. Området er også kjend for godt kveg.[2]
Landsbyen Hopewell er eit viktig turistmål. Turistområdet Negril ligg delvis i Hanover Parish. Området har ellers mange andre fine strender som ikkje er særleg utvikla for turisme.[2]
Folk frå Hanover Parish
endre- William Alexander Bustamante (d. 1977), politikar og nasjonalhelt
- Barrington Watson (1931–2016), målar
- Percival Noel James Patterson (f. 1935), statsminister
- Peter Broggs (1954–2015), reggaemusikar
- Jean Binta Breeze (f. 1956), diktar
- Elvis Gordon (1958–2011), judoutøvar
- Merlene Ottey (f. 1960), sprintar
- Jah Cure (f. 1978), reggaemusikar
- Odail Todd (f. 1994), sprintar
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Hanover Parish» frå Wikipedia på bokmål, den 30. november 2017.