Hans Erik Tofte (fødd 8. september 1960) er ein tidlegare langrennsløpar. Han er gift med Brit Pettersen og bur på Lillehammer.

Hans Erik Tofte
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. september 1960 (63 år)
Idrett langrenn

Karriere

endre

Tofte vann sølvmedaljen på 50 km under noregsmeisterskapenSteinkjer i 1987, halvtanna minutt bak vinnaren Hans Christian Udnæs. Året før vann han bronsemedaljen på 15 km under NM, bak den suverene noregsmeisteren Pål Gunnar Mikkelsplass og Tor Håkon Holte. Tofte tevla for Kjelsås Idrettslag.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

endre
  • 1981: Nr 8 på 15 km i Holmenkollen (ikkje verdscuprenn)
  • 1982: Nr 15 på 30 km i Falun
  • 1983: Nr 15 på 15 km i Holmenkollen (ikkje verdscuprenn)
  • 1984: Nr 14 på 15 km i Holmenkollen (ikkje verdscuprenn)
  • 1985: Nr 19 på 50 km i Holmenkollen
  • 1986: Nr 10 på 30 km i Falun

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

endre

Kjelde

endre
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

endre