Hans Furulund
stortingsrepresentant
Hans Kristian Amundsen Furulund (28. august 1847–28. desember 1924) var ein gardbrukar, verkseigar og stortingsmann frå Ullensaker i Akershus. Han var medlem av Venstre.
Hans Furulund | |||
| |||
Fødd | 28. august 1847 Ullensaker | ||
---|---|---|---|
Død | 28. desember 1924 (77 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, bonde, forretningsdrivande | ||
Alle verv |
|
Far hans var gardbrukar i Ullensaker. Sjølv var han gardbrukar i Nannestad frå 1869, og så frå 1874 i heimbygda Ullensaker. I 1891 vart han medeigar av Ullensaker sagbruk og høvleri, eigar av Breivold i Aker og Alna teglverk i 1897. Han var medlem av heradsstyret frå 1875, ordførar 1882-88.
Furulund representerte Akershus amt på Stortinget frå 1880 til 1888. Han var i alle åra medlem av konstitusjonskomiteen, perioden 1886-88 også av Lagtinget. I 1887 vart han medlem av den kongelege tollkommisjonen.
Busett i Østre Aker, der han døydde i 1924.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak (1914). «Furulund, Hans Christian Amundsen». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. Kristiania: Steenske bogtrykkeri. s. 272.
- Haffner, Vilhelm (1949). Stortinget og statsrådet: med tillegg til Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Oslo: [Aschehoug]. s. 19.
- Biografisk informasjon om Hans Furulund NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv