Hans Haslum
Hans Haslum (8. november 1789–5. juli 1875) var ein norsk eidsvollsmann som også var soldat, gardbrukar, lensmann, postopnar og ordførar.
Hans Haslum | |||
| |||
Fødd | 8. november 1789 Bærum kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 5. juli 1875 (85 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | sjølvstendepartiet | ||
Yrke | bonde, politikar | ||
Alle verv |
Haslum var frå Bærum i Akershus, der far hans var gardbrukar. Han vart dragonkorporal i 1805. 1807 gjekk han over i artillerikorpset, og var i 1814 sersjant ved 10. artillerikompani. Han deltok i krigen mot Sverige hausten 1814, var med i kampane ved Kjølberg bru.
Tidlegare i 1814 var han med i riksforsamlinga på Eidsvoll som representant for artillerikorpset.
I 1816 avlutta Haslum militærtenesta, då han vart gardbrukar på bruket Nordre Ås i Ås i Akershus. Han var mellombels lensmann 1821-23 og ordførar 1838-42, den fyrste ordføraren i Ås. Året etter, 1843, vart han gardbrukar på Oppsal i Kråkstad i Akershus. Han busette seg i 1848 hos ein son i Aker. Frå 1857 var han oppsynsmann for Eidsvollsbygninga med ei løn på kr 600,-. I 1864 var Haslum ein av fire eidsvollsmenn som på Eidsvoll tok del i feiringa av 17. mai 1814.
Han døydde på Eidsvold Værk.
Kjelder
endre- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
endre- Biografisk informasjon om Hans Haslum NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv