Hans Henrik Reusch

Sjå òg målaren Hans Leganger Reusch.

Hans Henrik Reusch (fødd 5. september 1852 i Bergen, død 27. oktober 1922) var ein norsk geolog.

Hans Henrik Reusch

Fødd5. september 1852
Bergen
Død27. oktober 1922
NasjonalitetNoreg
Yrkegeolog, illustratør, kunstmålar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
Universitetet i Heidelberg
Universitetet i Leipzig
EktefelleHelga Marie Ring Reusch

Reusch var gift med målarinna Helga Marie Ring Reusch. Han var utdanna i geologi i Heidelberg, Leipzig og Kristiania, med oppnådd kandidatgrad (1875) og doktorgrad (1883), før han vart tilsett som amanuensis ved mineralkabinettet ved universitet (1882–1885).

Spesialfeltet hans var geologien på Vestlandet og han samarbeida mykje med Waldemar Christopher Brøgger. Han fann dei første fossila frå silurtida i sterkt metamorfe skifer sør for Bergen.

I 1888 vart Reusch direktør for Noregs geologiske undersøkingar. Han doserte òg ved universitetet i periodar (1902–1905 og 1909-), samt under opphaldet ved Harvard University i USA (1895–1896). Mellom 1887 og 1880 var han direktør i bladet Naturen som han sjølv hadde vore med på å skipe.

Bibliografi endre

  • Norges Geologi. I nyare utgjevingar (m.a. 1927) med tillegg av Anton Mohr og Werner Werenskiold
  • Silurfossiler og pressede konglomorater i Bergensskifrene (1882). Første skildring av fossil frå silur.
  • Bömmelöen og Karmöen med omgivelser geologisk beskrevne (1888)
  • Det nordlege Norges geologi (1891). Første gong paleozoikum vart skildra, konglomerat frå Varanger.
  • Volk og natur i Finmarken (1895)
  • En eiendommelighet ved Skandinaviens hovedvanndskille. Artikkel i det første nummeret av Norsk Geologisk Tidsskrift, der han for første gong omtaler dei såkalla agnordalane. 1896.
  • Geografi for Middelskolen (1905)

Han vart utnemnd til æresdoktor ved Oxford University (1907). Livet og virket hans er omtalt i fleire samanhengar, mellom anna

  • Larsen, A. O. 2000: Brøgger og Reusch: Den første turen til Langesundsfjorden. I: Norsk Bergverksmuseums Skriftserie, 17, 35-38

I samband med unionsoppløysinga arbeidde han (saman med Brøgger) sterkt for å fremme ei norsk informasjonsteneste, for å synleggjere Noreg som nasjon; dette leia etterkvart til Utanriksdepartementet.

Han døydde då han vart klemt mellom to togvogner då han prøvde å hoppe på toget.

Prisar (utval) endre

Legat og medalje endre

Ettermælet til Reusch er mellom anna sikra gjennom Hans og Helga Rausch' legat til fremme av geografi og geologi (grunnkapital 800 000 n.kr.) vart stifta i 1893. Reuschmedaljen vart oppretta i 1926 av Norges Geologisk Forening, til minne om Reusch, som var ein av dei som tok initiativet til foreininga.

Kjelder endre