Hans Peter Jenssen (1848–1902)

norsk politikar

Hans Peter Jenssen (5. juni 184824. juli 1902) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Trondheim. Anton Jenssen var bror hans. Hans Peter Jenssen (1797–1868) var bestefar hans.

Hans Peter Jenssen (1848–1902)

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. juni 1848
Død

24. juli 1902 (54 år)

Yrke politikar, brukseier, handelsmannn, Rittmeister
Språk norsk
Politisk parti Venstre
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Far Anton Mathias Jenssen
Hans Peter Jenssen (1848–1902) på Commons

Jenssen var son til ein kjøpmann. Sjølv gjekk han på katedralskulen i Trondheim, deretter to år i England og to år i Tyskland og Frankrike. Han var medeigar i firmaet Jenssen & Co, i 1892 overlet han heile firmaet til broren Anton. På same tid tok han over 'Forbygden og Tangen bruk' i Stjørdal. Han var formann i tilsynet for Trondheim-Tynsetbanen frå 1885, og direktør i Noregs Bank 1893-1901.

Jenssen var perioden 1895-97 1. varamann til Stortinget frå Trondheim og Levanger. Sidan den valde representanten Hagerup-Lyngvær trekte seg, møtte han alle tre sesjonane. Men kvar einaste sesjon vart han etter nokre månader permittert grunna sjukdom.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914