Hans Peter Ellingsson Lie (18. desember 186217. desember 1945) var ein norsk lækjar og leprolog frå Hareid, den siste overlækjaren for spedalsksykja i tida 1912-35.

Hans Peter Lie

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. desember 1862
Ulstein kommune
Død

17. desember 1945 (82 år)

Yrke lege, patolog

Far til H.P. Lie var brukar av Larsgarden på Øvrelid i Hareid. Sjølv vart han cand.med. frå Universitetet i Kristiania i 1891 og arbeidde frå 1893 på Lungegaard-hospitalet i Bergen. I 1895 flytta han over til Pleiestiftelsen for Spedalske i same by og var lækjar og styrar der. Han studerte kolera i Kiel og Hamburg i 1893 og byllepest i Glasgow i 1900. Lie vart dr.med. i 1905 på avhandlinga «Lepra im Rückenmark und in den peripheren Nerven». Han skreiv også artiklar om tyfus og difteri i norske og tyske tidsskrift. I 1909 var han leiar, generalsekretær for den 2. internasjonale leprakonferansen i Bergen.

Frå 1912 til 1935 var Lie overlækjar for spedalsksykja i Noreg, i den posisjonen førte han vidare arbeidet åt Gerhard Armauer Hansen og Daniel Cornelius Danielssen mot leprasjukdomen på ein «framifrå måte». Han var medlem i Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo frå 1910 og preses for Selskabet til Videnskabernes Fremme i Bergen og visepreses for Bergen Museum frå 1932.

Kjelder endre