Hans Rasmus Astrup (1831–1898)

norsk politikar

Hans Rasmus Astrup (17. april 183119. februar 1898) var ein norsk industrigründer, politikar og filantrop.

Hans Rasmus Astrup

Fødd17. august 1832
Bolsøy kommune
Død19. februar 1898 (65 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bedriftseigar
FarEbbe Carsten Tønder Astrup
BarnEbba Martine Marie Augusta Astrup Eggen
MedlemNorsk Kvinnesaksforening
Alle verv

Astrup var i si tid Noregs rikaste mann. Kometkarrieren hans hadde djupe røter i norsk næringsliv. Etter kvart som voksteren ved landets største industriverksemd, Røros kobberverk, smadra den gamle distriktsdominansen til Hov i Ålen, vart dei gamle setervollane busette. Unge Svend Nesvoll drog frå Ålen til Kristiansund og vart bakarmeistar der. Han kalla seg Svend Vold og vart ein innflytelserik mann. Han var den fyrste som skaffa byen eit skikkeleg vassverk. Ruinane av dette vassverket vart seinare kalla Voldvannene. Dette var morsfolket til Astrup. Far hans var kaptein i Molde.

Unge Astrup drog til Barcelona. Etter borgarskule og handelskontor i Kristiansund, vart han 20 år gammal betrudd å sigle ei skute klippfisk til Spania. Fire år seinare byrja han eiga fiskeforretning i Barcelona.

Etterkvart slo Astrup og kompanjongen N. Sørensen seg på trelast. Hovudforretninga var Skutskär bruk ved Gävle i Sverige, der Dalelven kjem ned frå dei store svenske skogane der jarnvinna i si tid la grunnlaget for den svenske industrien. I 1873 løyste Astrup kompanjongen ut. Tolv år seinare selde han verksemda si. Han flytta heim til Noreg, der han kjøpte Meråker bruk, eit likande kompleks som det han hadde drifta i Sverige. Det var som om slektssusen frå grensebygda Ålen fylgde han i all hans ferd.

Astrup leia Arbeidsdepartementet 1885–1888. I dei dagar var det eit framleis eit sjeldsyn å verta statsråd utan akademisk utdanning. Men Astrup ruvde no i samfunnslivet; rik, vennesæl og gåvmild som få. Han hadde sterke kulturelle interesser, var mange kunstnarars ven og mesén. Han ivra sterkt for grunnlegginga av Nationaltheatret i hovudstaden. Han sat på Stortinget for Kristiansund og Venstre 1889–1891 og 1895–1897. Det herskapelege huset hans i Oslo var næraste granne til både den tyske, franske og engelske ambassaden. Arvingane hans gav det til Videnskapsakademiet.

Kjelder endre